×

Utilizziamo i cookies per contribuire a migliorare LingQ. Visitando il sito, acconsenti alla nostra politica dei cookie.

image

Lær Norsk Nå Podcast, I – Reisebrev frå Chile (2)

I – Reisebrev frå Chile (2)

Klokka tre møter eg opp til visning og møter ei eldre dame som ikkje kjenner meg igjen. Ho spør litt vakt «Cómo te llamas» (kva heiter du). Ho kjende meg ikkje igjen frå profilbilete mitt. «Du har jo blondt hår og blåe auge, ikkje brunt hår og mørke auge som på dette bilete». Ho klarte ikkje å sjå at eg var same person. Frå seg av begeistring for at eg lever opp til stereotypien ho har av Noreg og nordmenn insisterer ho på å ta nokre bilete av meg ute på balkongen for å visa vennene sine at «jaudå, nordmannen eg skal leiga ut til har faktisk blondt hår OG blåe auge.»

Me går gjennom leilegheita som er veldig bra plassert. Det er veldig sentralt og rett ved ein metro. I nærleiken er det hundrevis av butikkar, kjøpesenter, restaurantar og kafear. Ho gjer meg ein latterleg bra pris for staden til ca. 7400 kr i månaden (inkludert alt av straum og kostnadar) delt på to personar. Det skulle seinare visa seg at denne prisen var for god til å vera sann. Eigedomsmeklaren viste at prisen ho ga meg ikkje stemde med det som stod i kontrakten. Leilegheita var 1000kr dyrare enn prisen ho ga meg. Etter ein litt oppgitt telefonsamtale får eg forhandla prisen ned til 8000kr. Ein stress dag, men eg nådde no målet mitt for dagen. Innflyttinga skjedde på søndag kveld.

For å feira avtalen inviterte utleigaren meg på ein restaurant. Der fekk eg servert verdas største porsjon med svinekjøtt og pommes frites. Mens eg åt ringte ho barnebarnet sitt som studerte i Danmark som ho ville at eg skulle snakka med. Me var jo på same alder og ho kunne jo forklara meg alt om leilegheita på nytt, berre på engelsk! Ein har vel eigentleg ikkje noko val i ein slik situasjon og eg prøvde å halda det så kortfatta som mogleg. Etter middagen tok ho meg på ein lite runde i bilen medan ho viste meg dei beste restaurantane, kafeane og matbutikkane i nærleiken. Nyttig det, om eg berre hadde huska halvparten av alt ho sa og viste meg.

Dette blei den store «ordna leilegheit dagen» min. Det blei også «den store gå dagen». I Santiago er det veldig interessant å gå rundt i gatene og berre observera. Eg har vert veldig interessert i å gå så mykje som mogleg no i starten slik at eg blir meir kjend med staden og gatene rundt. Likevel har det også vert litt slitsamt og det har gnaga litt i hælen skal eg ærleg innrømma. Den 14. januar viste klokka at eg hadde gått 40,000 skritt. Ikkje så rart det når dagen stort sett gjekk til det. Men også dei andre dagane har eg gått mykje. Eg har snitta på 26,000 skritt kvar dag dei siste fem dagane. Santiago er ein folksam by som strekk seg over eit stort område og ein tur til byen inneber difor mykje gåing. Uansett, med 40,000 skritt lagt bak med, slitne bein og 4% straum igjen på mobilen kjem eg tilbake til Airbnb staden min.

Dei siste dagane har gått mykje i å få ordna ting og utforska. Eg har blitt tatt med til sprudlande marknadar, to gonger, der dei sel alt mogleg som mat, frukt og grønt (blant anna latterleg billige blåbær), elektroniske dingsar, medisinar, bøker, klede, spill og mykje meir. Det er veldig livleg på marknaden med mykje folk og lyd. Seljarar passar godt på at du får med deg at dei sel «BILLIG FISK. BILLIG OG GOD FISK. BILLIG, BILLIG, BILLIG!!!!». Stemmane deira må vera heil køyrde etterpå for det var i alle fall øyrene mine!

No handlar mykje om å skaffa dei siste småtinga eg treng og prøva å bli kjent med folk. Daniel, svensken eg skal bu med, kom til Santiago 15. januar, men han testa positivt på PCR-testen han tok på flyplassen og er difor i karantene. Det var veldig kjipt og eg kjøpte litt småting til han slik at han skulle ha noko nødmat, litt snacks og vatn medan han var på hotellet og venta på vidare instruksar. Forhåpentlegvis kjem han snart ut igjen; det er litt tomt her i leilegheita med berre meg.

Learn languages from TV shows, movies, news, articles and more! Try LingQ for FREE