×

We use cookies to help make LingQ better. By visiting the site, you agree to our cookie policy.

image

Norsk for Beginners, 2.10 – Norse Mythology Today

2.10 – Norse Mythology Today

Heihei!

Norrøn mytologi i dag Norrøn mytologi har vore viktig i å forma norsk kultur. For eksempel kjem dette fram i språket. På norsk kjem mange av vekedagane frå norrøne gudar. Tysdag (den andre dagen i veka) kjem frå Tyr. Det er Tyr sin dag. Tyr er krigsguden i norrøn mytologi. Han bestemmer kven som vinn i slag. Onsdag kjem frå Odins dag. Torsdag er då Tor sin dag. Fredag er Frigg sin dag. Frigg er kona til Odin.

Det finnes også fleire norske namn som kjem frå norrøn mytologi. For eksempel er det fleire i Noreg som heitar for eksempel Odin, Tor, Trym og Loke blant gutar og Edda, Embla og Idun blant jenter. Dei norrøne namna er framleis populære.

Norrøn mytologi kjem også til syne i populærkulturen. For eksempel er det ein kjent teikneserie frå Marvel som heitar Thor. Dette har også blitt ein kjent filmserie. Tor er her ein del av Marvel sitt univers. Her kan me sjå Loke og Tor saman med hulken.

Norrøn religion kjem også tydeleg fram i TV-serien Vikings frå 2013. Den handlar om vikingar som reiser frå Noreg til Storbritannia. I serien ser me eit blót, altså ei norrøn ofring. Det finnes også fleire norske seriar med vikingar i seg. Ein av dei mest kjente er Vikingane frå 2016. Det er ein humorserie om vikingar.

Det er også mange dataspel som er inspirerte av norrøn mytologi. God of War: Ragnarök er eit eksempel på dette. Det er eit spel som kjem i år, 2021, og som skal handla om norrøn mytologi.

Men det mest utrulege er kanskje at norrøn religion ikkje er daudt. Norrøn religion lev framleis i dag, men i ein moderne form. Åsatru er ei moderne gjenskaping av norrøn religion som finnes i Noreg i dag. Åsatru blei godkjent som norsk trussamfunn i 1996. Då vart åsatru godkjent på same måte som hinduisme, buddhisme, kristendom, islam og andre religionar. Åsatru trur på gudane i norrøn mytologi. Dei som er med i åsatrua er meir opptekne av at folk er med på blot enn kva folk trur på. I åsatru bryr dei seg ikkje så mykje om kva folk trur på. Likevel er ikkje åsatru det same som norrøn religion. Det er ein moderne gjenskaping av norrøn religion, men det er ikkje akkurat det same.

Som de kan sjå er norrøn mytologi framleis veldig synleg i dag. Norrøn mytologi blir brukt i språket vårt, det er ein del av populærkulturen og det lev vidare i åsatru. I neste sesong, sesong tre, kjem me til å gå over til eit anna tema enn norrøn mytologi. I neste sesong skal me snakka om noko anna. Då skal me snakka om norske stader og byar.

Vocabulary:

Å koma fram i – To be evident in

Vekedag – Weekday

Slag – Battle

Framleis – Still

Kjem til syne i – Can be seen in

Teikneserie – Comic

Dataspel – Video game

Utruleg – Unbelievable

Gjenskaping – Recreation

Trussamfunn – Religious community

Opptatt av – Concerned with

Å bry seg – To care

De – You (plural)

Synleg – Visible

Learn languages from TV shows, movies, news, articles and more! Try LingQ for FREE