×

We use cookies to help make LingQ better. By visiting the site, you agree to our cookie policy.


image

Lær Norsk Nå Podcast, 52 – Sjokolade

52 – Sjokolade

Heihei! I denne episoden skal me snakka om verdas beste snop, nemleg sjokolade. Før me gjer det vil eg berre minna dykk på at de finn teksten til episoden på nettstaden til podkasten. I tillegg vil eg berre nemna kjapt at det er mogleg å støtta podkasten på Patreon. 1 Eg sett veldig pris på dei som allereie har valt å gjera det. Ei lenke til Patreon finn de også i deskripsjonen av episoden. Lat oss byrja!

Det er nokre ingrediensar som gjer alt betre. Ost er eit eksempel for matrettar. Sjokolade er osten av dessertar. Sjokoladen gjer alle dessertar betre. Faktisk, ta bort desserten. Sjokolade aleine er alt som trengs. Ein god fyldig og søtleg smak som gjer at endorfinnivået i hjernen går amok. Å gå amok er det same som å gå berserk. Det vil sei at ein blir heilt galen. Sjokolade gjer ein galen av eit intenst glimt av lykke. Kva er sjokolade? Kvar kom den frå? Er sjokolade usunt eller kan det fremma helsa? Og kvifor er sjokolade så utroleg godt? La oss ta ein nærmare kikk på desse spørsmåla.

Kva er sjokolade? Sjokolade blir laga av kakaobønner. Kakaobønner veks på tre. For å laga sjokolade må ein først la kakaobønnene fermentera. Dette er det same som gjæring. Etter gjæringsprosessen må ein leggja bønnene til tørk, så vaska dei og steika dei. Deretter pressar ein dei saman til ein får ei kakaomasse, altså bønner som er pressa saman. Etter dette varmar ein opp denne massen slik at den blir flytande. Dette kan ein bruka til å laga sjokolade, men først må ein leggja til sukker. Utan sukker smaker sjokolade veldig bittert. Du har kanskje ete mørk sjokolade. Mørk sjokolade er mykje bitrare sidan det er mindre sukker i det. Sukkeret dempar den bitre smaken.

Historia til sjokolade Kvar kom den frå? Kakaotrea kjem frå Mellom-Amerika, så det var her menneske først laga sjokolade. Dei første som laga sjokolade var mayaene på 400-talet. Mayaene drakk sjokolade, det var ingen som laga sjokolade me kjenner, altså i hard form. Faktisk har ein drikke sjokolade for mesteparten av historia til det. I tillegg må ein ikkje tru at sjokoladen som mayaene drakk smaka det same som vår kakao. Mayaene hadde ikkje sukker. Sukker kjem frå India, så sukker var ikkje tilgjengeleg i dei amerikanske kontinenta før europearane kom. Den sjokoladen mayaene drakk var difor veldig bitter. Dei fleste av oss hadde nok ikkje likt drikken noko særleg. Mayaene drakk sjokoladen som ein del av seremoniar og religiøse ritar. Ein religiøs rite er det same som ein religiøs seremoni.

Då europearane kom til Mellom-Amerika på 1500-talet var det aztekarane som herska der, ikkje mayaene lenger. Aztekarane drakk også sjokolade. Dei forbatt sjokolade med guden Quetzalcoatl som i følgje aztekarmytologi blei forvist av dei andre gudane for å ha delt sjokoladen med menneskja. Forvist tyder å bli driven bort frå ein stad, altså at ein ikkje får vera ein stad lenger. Quetzalcoatl fekk ikkje lenger vera saman med dei andre gudane sidan han hadde fortalt menneskja løynda om sjokoladelaging. Løynd er noko som er hemmeleg. Denne legenda liknar ein del på den greske legenda om Prometeus som stel flammen og gjer den til menneskja. Det er utruleg interessant å sjå slike likskapar i to så ulike kulturar.

Mayaene drakk sjokoladen varm, men det gjorde ikkje aztekarane. Aztekarane føretrakk å drikka sjokolade kaldt. Noko som var interessant med aztekarane var at dei ikkje kunne dyrka kakao sjølv. Aztekarane budde i høglandet i dagens Mexico og der var det ikkje mogleg å dyrka kakao. Aztekarane kravde difor at dei som kunne dyrka kakao skulle betala skatt med kakaobønner. Slik blei kakaobønner faktisk brukt som ein slags mynteining, altså som pengar. Aztekarane brukte faktisk sjokolade som medisin.

Sjokolade vart importert til Europa etter spanjolane si erobring av Aztekarriket og Mellom-Amerika. Dette var på 1500-tallet. Det blei kjapt populært å drikka sjokolade ved hoffet i Spania. Hoff er dei kongelege og aristokratane rundt kongen. Det var spanjolane som byrja å leggja til sukker i sjokoladen dei drakk for å motverka den bitre smaken. I 1602 spreidde sjokoladen seg frå Spania til Austerrike. Spania og Austerrike hadde same dynasti, Habsburgardynastiet, i denne perioden, så det er naturleg at den spreidde seg til Austerrike ganske tidleg.

Hugsar de kor mange prosessar det tok å laga sjokolade? Ein må tørka bønnene, så skrella dei, gjæra dei, varma dei opp til dei blir væskeliknande, og så vidare. Det tek lang tid frå ein har plukka bønnene til det blir sjokolade av det. Dette krev mykje arbeid og tek mykje tid. Europearane brukte slavar frå Afrika til dette. Kakaodyrking førde difor til meir slavearbeid.

Sjokolade var blitt veldig populært i Europa på 1700-tallet. Faktisk var sjokolade ei vanleg vare å drikka på kaffihusa rundt omkring i Europa. Kaffihusa var litt som ein kafé i dag, berre litt større. Kaffihusa var gjerne ein stad der ein kunne drikka ein kopp med kaffi eller ein kopp med sjokolade medan ein diskuterte samfunnet, vitskap eller noko anna.

Mange kjente sjokoladeprodusentar blei oppretta på 1800-talet. Nestlé blei for eksempel oppretta i 1866. I dag er sjokolade overalt, og er ein av dei mest populære matvarene rundt omkring i verda.

Helseeffektar av sjokolade Aztekarane brukte sjokolade som medisin, men er det nokre helseeffektar av sjokolade? Kan ein ta seg ein bit med god samvit? Eller er det ei usunn sukkerbombe? Vel, om ein et mørk sjokolade er det ikkje så mykje sukker i det, men sjokolade inneheld framleis mykje feitt. Dette gjer at det er veldig mange kaloriar i sjokolade. Det er ca. 500 kaloriar per hundre gram sjokolade. Så ein bør nok uansett avgrensa kor mykje sjokolade ein et. Mykje sjokoladeeting kan gjera at ein legg på seg ganske mange kilo. Men kva med eit moderat sjokoladekonsum? Kan litt sjokolade vera sunt?

For det første er det kakaoen i sjokoladen som har helseeffektar. Jo meir kakao det er i sjokoladen, jo betre for helseeffektane. Kakaoen inneheld veldig mykje antioksidantar, faktisk kan ein samanlikna antioksidantinnhaldet med ei frukt eller grønsak. Problemet med sjokolade er at det har eit utruleg høgt kaloriinnhald. Grønsaker og frukt inneheld veldig få kaloriar og mange antioksidantar, noko som gjer at det er lettare å eta mykje av dei. Skal ein eta nok sjokolade til at det skal ha ein effekt, må ein kanskje eta så mykje at kaloriinntaket blir for høgt. Ein kan rett og slett ikkje eta like mykje sjokolade som ein kan eta frukt og grønsaker.

Fleire undersøkingar har påstått at sjokolade kan føra til ein slankeeffekt, betra humøret, verna cellene, styrka skjelettet, betra hukommelsen og gjera ein smartare. Likevel er det ofte litt for lite grunnlag til å påstå alt dette. Det er ikkje gjort nok undersøkingar ennå. EU avvisar mange av desse påstandane ettersom det ikkje er nok vitskaplege bevis. Mange av studiane er finansiert av sjokoladeprodusentar. Sjokoladeprodusentar har ein interesse av at forskarane skal finna så mange positive sider som mogleg, så ein bør kanskje vera litt skeptisk til desse studiane.

Likevel er det ikkje slik at all forskinga på sjokoladen sine positive effektar er dårleg. For eksempel var det ei undersøking i 2014 som viste at deltakarar scora betre på hukommelsestestar etter å ha ete kakao med høgt innhald av flavanolar, som er antioksidantar. Likevel vart det ikkje brukt vanleg sjokolade i testen. Produktet forskarane brukte innehaldt veldig lite sukker og mykje mindre feitt, i tillegg til at det hadde mykje antioksidantar. Likevel visar studien at ein kan få betre hukommelse av kakao, så kanskje du kan ta med deg litt sjokolade på neste eksamen? For å få mest mogleg av dei positive effektane kan det vera betre å eta reint kakaopulver enn faktisk sjokolade. Då får ein redusert sukkernivået og feittnivået. Men det smakar jo ikkje særleg godt.

Så, bør ein eta sjokolade? Sannsynlegvis går det heilt fint å ikkje eta sjokolade. Dei helsebringande effektane finnes, men det er veldig mykje feitt og sukker i vanleg sjokolade. Dette gjer nok at dei negative effektane fort blir større enn dei positive. Eit moderat sjokoladenivå kan derimot ha ein positiv effekt. Men heilt ærleg, det er ingen som berre et ein sjokoladebit! Når ein først har begynt, då forsvinn fort heile sjokoladeplata. Men kvifor må sjokolade vera så utruleg godt?

Litt om sjokoladen sin smak Sjokolade inneheld mange stoff som stimulerer lykkekjensla i oss, men det viktigaste er nok innhaldet av feitt og sukker. Me menneskje er satt saman til å elska feitt og sukker, og spesielt når blandinga mellom dei er rett. Brystmjølka me drikk som babyar inneheld for eksempel mykje feitt og sukker. Det er ikkje så mange substansar og matvarer som naturleg inneheld mykje av både sukker og feitt. Ved å leggja til sukker i sjokoladen får ein akkurat ei slik blanding. Dette gjer at sjokolade smakar utruleg godt for oss: Det er den perfekte blandinga av feitt og sukker.

Men aldri gje sjokolade til hundar! Hundar klarar ikkje å fordøya sjokolade noko bra. Dei kan bli sjuke av å eta sjokolade. Det er rett og slett giftig for hundar. Dersom ein hund et nok sjokolade kan det vera dødeleg for den. Ein skal difor aldri, aldri, aldri gje sjokolade til hundar. Reint kakaopulver er det verste, så du bør heller ikkje gje hunden noko som kan innehalda kakaopulver. Eldre hundar er i større risiko for å få biverknadar av sjokolade, så med eldre hundar bør ein vera ekstra forsiktig. Dette kan vera lurt å informera ungar om også, slik at dei ikkje gjer hunden noko av sjokoladen sin.

Avslutning Sjokolade har ein spennande historie og har blir ete av menneskjer i over 1500 år. Det er kanskje ikkje så rart, så godt som sjokolade tross alt er. Det er morosamt å lesa meir om slike tema som eigentleg er ganske kvardagslege, men som ein kan seia ganske mykje om eigentleg. Eg håpar at du også har lært noko nytt om menneskets beste venn, sjokoladen. Så håpar eg at me treffast i neste episode. Ha det bra!

52 – Sjokolade 52 – Schokolade 52 – Chocolate 52 – Chocolate 52 – Chocolat 52 – Czekolada 52 – Chocolate 52 – Шоколад 52 – Шоколад

Heihei! Hey Hey! I denne episoden skal me snakka om verdas beste snop, nemleg sjokolade. In this episode, we will talk about the world's best snack, namely chocolate. Før me gjer det vil eg berre minna dykk på at de finn teksten til episoden på nettstaden til podkasten. Before I do that, I just want to remind you to dive into the text of the episode on the podcast's website. I tillegg vil eg berre nemna kjapt at det er mogleg å støtta podkasten på Patreon. In addition, I just want to mention right away that it is possible to support the podcast on Patreon. 1 Eg sett veldig pris på dei som allereie har valt å gjera det. 1 I really appreciate those who have already chosen to do so. Ei lenke til Patreon finn de også i deskripsjonen av episoden. A link to Patreon can also be found in the description of the episode. Lat oss byrja! Let's get started!

Det er nokre ingrediensar som gjer alt betre. There are some ingredients that make everything better. Ost er eit eksempel for matrettar. Cheese is an example of dishes. Sjokolade er osten av dessertar. Chocolate is the cheese of desserts. Sjokoladen gjer alle dessertar betre. Chocolate makes all desserts better. Faktisk, ta bort desserten. In fact, remove the dessert. Sjokolade aleine er alt som trengs. Chocolate alone is all that is needed. Ein god fyldig og søtleg smak som gjer at endorfinnivået i hjernen går amok. A good full-bodied and sweet taste that makes the endorphin level in the brain go crazy. Å gå amok er det same som å gå berserk. Going crazy is the same as going berserk. Det vil sei at ein blir heilt galen. That is, one goes completely crazy. Sjokolade gjer ein galen av eit intenst glimt av lykke. Chocolate makes one crazy with an intense glimmer of happiness. Kva er sjokolade? What is chocolate? Kvar kom den frå? Where did it come from? Er sjokolade usunt eller kan det fremma helsa? Is chocolate unhealthy or can it promote health? Og kvifor er sjokolade så utroleg godt? And why is chocolate so incredibly good? La oss ta ein nærmare kikk på desse spørsmåla. Let's take a closer look at these questions.

Kva er sjokolade? What is chocolate? Sjokolade blir laga av kakaobønner. Chocolate is made from cocoa beans. Kakaobønner veks på tre. Cocoa beans grow on wood. For å laga sjokolade må ein først la kakaobønnene fermentera. To make chocolate, you must first let the cocoa beans ferment. Dette er det same som gjæring. This is the same as fermentation. Etter gjæringsprosessen må ein leggja bønnene til tørk, så vaska dei og steika dei. After the fermentation process, the beans must be left to dry, then washed and fried. Deretter pressar ein dei saman til ein får ei kakaomasse, altså bønner som er pressa saman. Then you press them together until you get a cocoa mass, ie beans that are pressed together. Etter dette varmar ein opp denne massen slik at den blir flytande. After this, heat this mass so that it becomes liquid. Dette kan ein bruka til å laga sjokolade, men først må ein leggja til sukker. This can be used to make chocolate, but first you have to add sugar. Utan sukker smaker sjokolade veldig bittert. Without sugar, chocolate tastes very bitter. Du har kanskje ete mørk sjokolade. You may have eaten dark chocolate. Mørk sjokolade er mykje bitrare sidan det er mindre sukker i det. Dark chocolate is much bitterer since there is less sugar in it. Sukkeret dempar den bitre smaken. The sugar dampens the bitter taste.

Historia til sjokolade Kvar kom den frå? History of chocolate Where did it come from? Kakaotrea kjem frå Mellom-Amerika, så det var her menneske først laga sjokolade. Cocoa wood comes from Central America, so this is where humans first made chocolate. Dei første som laga sjokolade var mayaene på 400-talet. The first to make chocolate were the Mayans in the 5th century. Mayaene drakk sjokolade, det var ingen som laga sjokolade me kjenner, altså i hard form. The Mayans drank chocolate, no one made chocolate we know, ie in hard form. Faktisk har ein drikke sjokolade for mesteparten av historia til det. In fact, a drink has chocolate for most of its history. I tillegg må ein ikkje tru at sjokoladen som mayaene drakk smaka det same som vår kakao. In addition, one must not believe that the chocolate that the Mayans drank tasted the same as our cocoa. Mayaene hadde ikkje sukker. The Mayans did not have sugar. Sukker kjem frå India, så sukker var ikkje tilgjengeleg i dei amerikanske kontinenta før europearane kom. Sugar comes from India, so sugar was not available in the American continents before the Europeans came. Den sjokoladen mayaene drakk var difor veldig bitter. The chocolate the Mayans drank was therefore very bitter. Dei fleste av oss hadde nok ikkje likt drikken noko særleg. Most of us probably did not like the drink very much. Mayaene drakk sjokoladen som ein del av seremoniar og religiøse ritar. The Mayans drank chocolate as part of ceremonies and religious rites. Ein religiøs rite er det same som ein religiøs seremoni. A religious rite is the same as a religious ceremony.

Då europearane kom til Mellom-Amerika på 1500-talet var det aztekarane som herska der, ikkje mayaene lenger. When Europeans came to Central America in the 16th century, it was the Aztecs who ruled there, not the Mayans anymore. Aztekarane drakk også sjokolade. The Aztecs also drank chocolate. Dei forbatt sjokolade med guden  Quetzalcoatl som i følgje aztekarmytologi blei forvist av dei andre gudane for å ha delt sjokoladen med menneskja. They forbade chocolate with the god Quetzalcoatl who, according to Aztec mythology, was banished by the other gods for sharing chocolate with humans. Forvist tyder å bli driven bort frå ein stad, altså at ein ikkje får vera ein stad lenger. Exile indicates being driven away from a city, meaning that one is no longer allowed to be a city. Quetzalcoatl fekk ikkje lenger vera saman med dei andre gudane sidan han hadde fortalt menneskja løynda om sjokoladelaging. Quetzalcoatl was no longer allowed to be with the other gods since he had told the man a lie about chocolate making. Løynd er noko som er hemmeleg. Løynd is something that is secret. Denne legenda liknar ein del på den greske legenda om Prometeus som stel flammen og gjer den til menneskja. This legend is somewhat similar to the Greek legend of Prometheus who stole the flame and made it human. Det er utruleg interessant å sjå slike likskapar i to så ulike kulturar. It is incredibly interesting to see such similarities in two such different cultures.

Mayaene drakk sjokoladen varm, men det gjorde ikkje aztekarane. The Mayans drank the chocolate hot, but the Aztecs did not. Aztekarane føretrakk å drikka sjokolade kaldt. The Aztecs preferred to drink chocolate cold. Noko som var interessant med aztekarane var at dei ikkje kunne dyrka kakao sjølv. Something that was interesting about the Aztecs was that they could not grow cocoa themselves. Aztekarane budde i høglandet i dagens Mexico og der var det ikkje mogleg å dyrka kakao. The Aztecs lived in the highlands of present-day Mexico, where it was not possible to grow cocoa. Aztekarane kravde difor at dei som kunne dyrka kakao skulle betala skatt med kakaobønner. The Aztecs therefore demanded that those who could grow cocoa pay taxes with cocoa beans. Slik blei kakaobønner faktisk brukt som ein slags mynteining, altså som pengar. In this way, cocoa beans were actually used as a kind of mint, ie as money. Aztekarane brukte faktisk sjokolade som medisin. The Aztecs actually used chocolate as medicine.

Sjokolade vart importert til Europa etter spanjolane si erobring av Aztekarriket og Mellom-Amerika. Chocolate was imported to Europe after the Spanish conquered the Aztec Empire and Central America. Dette var på 1500-tallet. This was in the 16th century. Det blei kjapt populært å drikka sjokolade ved hoffet i Spania. It quickly became popular to drink chocolate at the court in Spain. Hoff er dei kongelege og aristokratane rundt kongen. Hoff are the royal doctors and aristocrats around the king. Det var spanjolane som byrja å leggja til sukker i sjokoladen dei drakk for å motverka den bitre smaken. It was the Spaniards who began to add sugar to the chocolate they drank to counteract the bitter taste. I 1602 spreidde sjokoladen seg frå Spania til Austerrike. In 1602, chocolate spread from Spain to Austria. Spania og Austerrike hadde same dynasti, Habsburgardynastiet, i denne perioden, så det er naturleg at den spreidde seg til Austerrike ganske tidleg. Spain and Austria had the same dynasty, the Habsburg dynasty, during this period, so it is natural that it spread to Austria quite early.

Hugsar de kor mange prosessar det tok å laga sjokolade? Do they remember how many processes it took to make chocolate? Ein må tørka bønnene, så skrella dei, gjæra dei, varma dei opp til dei blir væskeliknande, og så vidare. One must dry the beans, then peel them, ferment them, heat them until they become liquid-like, and so on. Det tek lang tid frå ein har plukka bønnene til det blir sjokolade av det. It takes a long time from picking the beans until it turns into chocolate. Dette krev mykje arbeid og tek mykje tid. This requires a lot of work and takes a lot of time. Europearane brukte slavar frå Afrika til dette. Europeans used slaves from Africa for this. Kakaodyrking førde difor til meir slavearbeid. Cocoa cultivation therefore led to more slave labor.

Sjokolade var blitt veldig populært i Europa på 1700-tallet. Chocolate had become very popular in Europe in the 18th century. Faktisk var sjokolade ei vanleg vare å drikka på kaffihusa rundt omkring i Europa. In fact, chocolate was a common commodity to drink in coffee houses around Europe. Kaffihusa var litt som ein kafé i dag, berre litt større. The coffee house was a bit like a café today, only a little bigger. Kaffihusa var gjerne ein stad der ein kunne drikka ein kopp med kaffi eller ein kopp med sjokolade medan ein diskuterte samfunnet, vitskap eller noko anna. Kaffihusa was often a city where one could drink a cup of coffee or a cup of chocolate while discussing society, science or something else.

Mange kjente sjokoladeprodusentar blei oppretta på 1800-talet. Many famous chocolate manufacturers were established in the 19th century. Nestlé blei for eksempel oppretta i 1866. Nestlé, for example, was established in 1866. I dag er sjokolade overalt, og er ein av dei mest populære matvarene rundt omkring i verda. Today, chocolate is everywhere, and is one of the most popular foods around the world.

Helseeffektar av sjokolade Aztekarane brukte sjokolade som medisin, men er det nokre helseeffektar av sjokolade? Health effects of chocolate The Aztecs used chocolate as medicine, but are there any health effects of chocolate? Kan ein ta seg ein bit med god samvit? Can one take a bite with a clear conscience? Eller er det ei usunn sukkerbombe? Or is it an unhealthy sugar bomb? Vel, om ein et mørk sjokolade er det ikkje så mykje sukker i det, men sjokolade inneheld framleis mykje feitt. Well, if you want a dark chocolate, it does not have that much sugar in it, but chocolate does contain a lot of fat. Dette gjer at det er veldig mange kaloriar i sjokolade. This means that there are a lot of calories in chocolate. Det er ca. It is approx. 500 kaloriar per hundre gram sjokolade. 500 calories per hundred grams of chocolate. Så ein bør nok uansett avgrensa kor mykje sjokolade ein et. So one should probably in any case limit how much chocolate one has. Mykje sjokoladeeting kan gjera at ein legg på seg ganske mange kilo. A lot of chocolate eating can make you put on quite a few kilos. Men kva med eit moderat sjokoladekonsum? But what about a moderate chocolate consumption? Kan litt sjokolade vera sunt? Can some chocolate be healthy?

For det første er det kakaoen i sjokoladen som har helseeffektar. First, it is the cocoa in the chocolate that has health effects. Jo meir kakao det er i sjokoladen, jo betre for helseeffektane. The more cocoa there is in the chocolate, the better for the health effects. Kakaoen inneheld veldig mykje antioksidantar, faktisk kan ein samanlikna antioksidantinnhaldet med ei frukt eller grønsak. Cocoa contains a lot of antioxidants, in fact you can compare the antioxidant content with a fruit or vegetable. Problemet med sjokolade er at det har eit utruleg høgt kaloriinnhald. The problem with chocolate is that it has an incredibly high calorie content. Grønsaker og frukt inneheld veldig få kaloriar og mange antioksidantar, noko som gjer at det er lettare å eta mykje av dei. Vegetables and fruits contain very few calories and many antioxidants, which makes it easier to eat a lot of them. Skal ein eta nok sjokolade til at det skal ha ein effekt, må ein kanskje eta så mykje at kaloriinntaket blir for høgt. If one is to eat enough chocolate for it to have an effect, one may have to eat so much that the calorie intake becomes too high. Ein kan rett og slett ikkje eta like mykje sjokolade som ein kan eta frukt og grønsaker. One can simply not eat as much chocolate as one can eat fruits and vegetables.

Fleire undersøkingar har påstått at sjokolade kan føra til ein slankeeffekt, betra humøret, verna cellene, styrka skjelettet, betra hukommelsen og gjera ein smartare. Several studies have claimed that chocolate can lead to a slimming effect, improve mood, protect cells, strengthen the skeleton, improve memory and make one smarter. Likevel er det ofte litt for lite grunnlag til å påstå alt dette. Yet there is often a little too little basis for claiming all this. Det er ikkje gjort nok undersøkingar ennå. Not enough research has been done yet. EU avvisar mange av desse påstandane ettersom det ikkje er nok vitskaplege bevis. The EU rejects many of these claims as there is not enough scientific evidence. Mange av studiane er finansiert av sjokoladeprodusentar. Many of the studios are funded by chocolate manufacturers. Sjokoladeprodusentar har ein interesse av at forskarane skal finna så mange positive sider som mogleg, så ein bør kanskje vera litt skeptisk til desse studiane. Chocolate manufacturers have an interest in researchers finding as many positive aspects as possible, so one should perhaps be a little skeptical of these studies.

Likevel er det ikkje slik at all forskinga på sjokoladen sine positive effektar er dårleg. However, it is not the case that all the research on chocolate's positive effects are bad. For eksempel var det ei undersøking i 2014 som viste at deltakarar scora betre på hukommelsestestar etter å ha ete kakao med høgt innhald av flavanolar, som er antioksidantar. For example, there was a study in 2014 that showed that participants scored better on memory tests after eating cocoa with a high content of flavanolar, which are antioxidants. Likevel vart det ikkje brukt vanleg sjokolade i testen. Nevertheless, ordinary chocolate was not used in the test. Produktet forskarane brukte innehaldt veldig lite sukker og mykje mindre feitt, i tillegg til at det hadde mykje antioksidantar. The product the researchers used contained very little sugar and much less fat, in addition to the fact that it had a lot of antioxidants. Likevel visar studien at ein kan få betre hukommelse av kakao, så kanskje du kan ta med deg litt sjokolade på neste eksamen? Still, the study shows that one can get a better memory of cocoa, so maybe you can bring some chocolate with you to the next exam? For å få mest mogleg av dei positive effektane kan det vera betre å eta reint kakaopulver enn faktisk sjokolade. To get the most out of the positive effects, it may be better to eat pure cocoa powder than actual chocolate. Då får ein redusert sukkernivået og feittnivået. This reduces the sugar level and the fat level. Men det smakar jo ikkje særleg godt. But it does not taste very good.

Så, bør ein eta sjokolade? So, should one eat chocolate? Sannsynlegvis går det heilt fint å ikkje eta sjokolade. It's probably okay to not eat chocolate. Dei helsebringande effektane finnes, men det er veldig mykje feitt og sukker i vanleg sjokolade. The health-promoting effects exist, but there is a lot of fat and sugar in regular chocolate. Dette gjer nok at dei negative effektane fort blir større enn dei positive. This probably means that the negative effects quickly become greater than the positive ones. Eit moderat sjokoladenivå kan derimot ha ein positiv effekt. A moderate chocolate level, on the other hand, can have a positive effect. Men heilt ærleg, det er ingen som berre et ein sjokoladebit! But honestly, no one is just a piece of chocolate! Når ein først har begynt, då forsvinn fort heile sjokoladeplata. Once one has started, then quickly disappear the whole chocolate plate. Men kvifor må sjokolade vera så utruleg godt? But why does chocolate have to be so incredibly good?

Litt om sjokoladen sin smak Sjokolade inneheld mange stoff som stimulerer lykkekjensla i oss, men det viktigaste er nok innhaldet av feitt og sukker. A little about the taste of chocolate Chocolate contains many substances that stimulate the feeling of happiness in us, but the most important thing is probably the content of fat and sugar. Me menneskje er satt saman til å elska feitt og sukker, og spesielt når blandinga mellom dei er rett. We humans are put together to love fat and sugar, and especially when the mix between them is right. Brystmjølka me drikk som babyar inneheld for eksempel mykje feitt og sukker. Breast milk with drinks that babies contain, for example, a lot of fat and sugar. Det er ikkje så mange substansar og matvarer som naturleg inneheld mykje av både sukker og feitt. There are not many substances and foods that naturally contain a lot of both sugar and fat. Ved å leggja til sukker i sjokoladen får ein akkurat ei slik blanding. By adding sugar to the chocolate, you get just such a mixture. Dette gjer at sjokolade smakar utruleg godt for oss: Det er den perfekte blandinga av feitt og sukker. This makes chocolate taste incredibly good for us: It is the perfect blend of fat and sugar.

Men aldri gje sjokolade til hundar! But never give chocolate to dogs! Hundar klarar ikkje å fordøya sjokolade noko bra. Dogs are not able to digest chocolate well. Dei kan bli sjuke av å eta sjokolade. They can get sick from eating chocolate. Det er rett og slett giftig for hundar. It is simply toxic to dogs. Dersom ein hund et nok sjokolade kan det vera dødeleg for den. If a dog has enough chocolate, it can be fatal to it. Ein skal difor aldri, aldri, aldri gje sjokolade til hundar. One should therefore never, never, never give chocolate to dogs. Reint kakaopulver er det verste, så du bør heller ikkje gje hunden noko som kan innehalda kakaopulver. Pure cocoa powder is the worst, so you should not give your dog anything that may contain cocoa powder. Eldre hundar er i større risiko for å få biverknadar av sjokolade, så med eldre hundar bør ein vera ekstra forsiktig. Older dogs are at greater risk of side effects from chocolate, so with older dogs one should be extra careful. Dette kan vera lurt å informera ungar om også, slik at dei ikkje gjer hunden noko av sjokoladen sin. You may want to inform the kids about this as well, so that they do not make the dog any of their chocolate.

Avslutning Sjokolade har ein spennande historie og har blir ete av menneskjer i over 1500 år. Conclusion Chocolate has an exciting history and has been eaten by humans for over 1500 years. Det er kanskje ikkje så rart, så godt som sjokolade tross alt er. It may not be so strange, as good as chocolate after all is. Det er morosamt å lesa meir om slike tema som eigentleg er ganske kvardagslege, men som ein kan seia ganske mykje om eigentleg. It's fun to read more about such topics that are actually quite commonplace, but which one can say quite a lot about actually. Eg håpar at du også har lært noko nytt om menneskets beste venn, sjokoladen. I hope you also learned something new about man's best friend, chocolate. Så håpar eg at me treffast i neste episode. So I hope we meet in the next episode. Ha det bra!