×

We use cookies to help make LingQ better. By visiting the site, you agree to our cookie policy.


image

Lær Norsk Nå Podcast, 42 – Norrønt

42 – Norrønt

Før vi begynner vil jeg bare minne dere på at dere kan finne teksten til episoden på nettstedet til podcasten. Dere finner en link i deskripsjonen under. I tillegg vil jeg bare nevne at det er mulig å støtte podcasten via patreon. Dere finner en link i deskripsjonen under1. Takk!

Hei og velkommen til ein ny episode av «Lær norsk nå!». Før me byrjar vil eg berre minna dykk på at de kan finna teksten til episoden på nettstaden til podkasten. Eg legg ved ein link i deskripsjonen under. I tillegg vil eg berre sei at det er mogleg å støtte podcasten på Patreon.2 Eg sett veldig pris på alle som allereie har valt å gjera det. De finn ein link i deskripsjonen. Kos dykk med episoden.

Hljóðs bið ek allar

helgar kindir,

meiri ok minni

mögu Heimdallar;

viltu at ek, Valföðr,

vel fyr telja

forn spjöll fira,

þau er fremst of man.

Der står treet som heiter Yggdrasil. Eit mektig tre

Høyr på meg,

alle klasser av menn,

de større og mindre

born åt Heimdall;

du bad meg koma, Odin,

bad meg fortelja kva eg hugsar

av dei fyrste tinga som hende

hjå gudane og menn. (omsett av Jackson Crawford)

Dette var eit utdrag av «Voluspå», eit dikt om norrøne gudar og heltar skrive ned på 1200- og 1300-talet på Island, men forteljinga er nok mykje eldre. Teksten er skriven på norrønt. Norrønt er forfaren til språka snakka i Skandinavia i dag, altså norsk, svensk og dansk. Forfar vil seie den nokon stammar i frå, ofte veldig langt tilbake i tid. Norrønt er altså norsk, dansk, svensk, islandsk og færøysk frå 700-talet til 1400-talet. Ein kan samanlikna det med gammal-engelsk som er forfaren til moderne engelsk. I denne episoden skal me sjå nærmare på historia til norrønt. Det trur eg også kan hjelpa å forstå betre kor norsk kjem i frå.

Før norrønt igjen, snaka dei urnordisk i Noreg. Urnordisk var forfaren til norrønt, og ein kan seie at folk snakka urnordisk i Skandinavia frå 200 til 700. I Danmark, Noreg og Sverige har dei funne steinar med urnordisk på. Det er ikkje lange tekstar, men det gjer at me veit litt korleis det såg ut. Dette har hjelpt oss til å forstå betre språkhistoria til norrønt og andre germanske språk. Dei som budde i Skandinavia på denne tida brukte runealfabetet for å skriva ned tekstane. Runealfabetet er annleis enn det latinske alfabetet som moderne norsk blir skrive på. Norsk er i dag skrive med dei same bokstavane som engelsk, mens urnordisk nytta andre bokstavar.

Språket på steinane byrja å forandra seg på 700-talet. Språket på steinar frå denne perioden er det første eksempelet på norrønt. Det er mange fleire kjelder til norrønt enn urnordisk. Dette gjer også at me veit meir om korleis norrønt såg ut og fungerer samanlikna med urnordisk. Norrønt blei også skrive med runealfabetet fram til 1000-talet. På 1000-talet var det fleire som byrja å skriva med det latinske alfabetet. Dette var på grunn av innverknaden frå England. Norske og danske vikingar tok med seg det latinske alfabetet frå England.

Norrønt kan delast inn i tre hovuddialekter: Vestnorrønt, austnorrønt og gammalgutnisk. I Noreg snakka ein vestnorrønt, og norsk kjem dermed i frå vestnorrønt. Ettersom norske vikingar reiste til Shetland, Orknøyene, nord England, Irland, Færøyene, Island og Grønland, så dei snakka vestnorrønt på desse stadene også. I dag er det berre på Færøyene, Island og i Norge at ein framleis snakkar eit vestnordisk språk. Norsk, færøysk og islandsk kjem alle i frå vestnorrønt, men det er islandsk og færøysk som er nærmast slik vestnorrønt faktisk høyrdest ut. I dag er norsk nærmare dansk og svensk, sjølv om det stammar frå vestnorrønt. Trøndelag og Vestlandet i Noreg var dei viktigaste stadene i Noreg då ein skreiv vestnorrønt. Dermed er det desse variantane av vestnorrønt som er mest kjende i dag. Dei snakka også vestnorrønt på Sørlandet og Austlandet i Noreg.

Svensk og dansk stammar frå austnorrønt, ei av dei andre dialektene av norrønt. Dialektene på norrønt var veldig like kvarandre, og folk som snakka austnorrønt og vestnorrønt forstod kvarandre veldig godt, kanskje betre enn moderne nordmenn, svenskar og danskar forstår kvarandre. Austnorrønt og vestnorrønt er difor kalla for dialekter av same språk, og ikkje som ulike språk. Det kan nok samanliknast med britisk og amerikansk engelsk eller norske dialekter. Den siste dialekta av norrønt heiter gammalgutnisk. Dette var den norrønten dei snakka på Gotland og øyene i Austersjøen, altså øyene mellom dagens Sverige og Estland, Litauen og Latvia. Av og til blir den inkludert som ein del av austnorrønt, men den er forskjellig nok til å kallast ei eiga dialekt. Det finnes framleis ein moderne variant av gutnisk som bli snakka på Gotland av ca. 2000 til 5000 personar.

Færøysk og islandsk er dei moderne språka i dag som liknar mest på norrønt. Færøysk har større dansk påverknad enn islandsk, så islandsk er nok endå nærmare det originale vestnorrøne språket enn færøysk. Islandsk er altså nærmare norrønt enn færøysk. Likevel er ikkje islandsk identisk med norrønt. Ein som kan islandsk kan nok forstå ein del norrønt, men ein må hugsa på at det er mange år mellom moderne islandsk og norrønt. Det er naturleg at eit språk forandrar seg etter 1000år, og uttalen av moderne islandsk er veldig annleis enn norrønt. Ein som kan islandsk kan derimot lesa og forstå ganske mykje norrønt. Norrønt og islandsk er likare i skriftspråket enn i talespråket.

Vikingar frå Noreg reiste blant anna til Skotland og nord-England. I fleire dialekter desse stadene er det norrøne låneord som framleis blir brukt. Sctos er ei språk som er veldig nærme engelsk. Det blir snakka i Skotland i dag. Scots har mange låneord frå norrønt. For eksempel «bairn» som kjem frå det norrøne ordet «barn» og som også blir brukt på moderne norsk. Andre norrøne ord på scots er fliss, som tyder flis, altså ein liten trebit, og kirk som kjem frå det norrøne ordet «krikja» og tyder kyrkje. Det er altså lett å sjå at dette er ord som kjem frå norrønt ettersom dei er veldig like på norsk. Ein kan også finna norrøne låneord på andre språk som irsk, finsk, russisk, ukrainsk, litauisk, latvisk og estisk.

La oss sjå litt på korleis norrønt grammatikk er samanlikna med norsk grammatikk. På norrønt var det langt fleire bøyingar i substantiv. Bøying vil seie korleis ord endrar seg grammatisk, for eksempel bøyar eit verb, for eksempel frå «sparke» til «sparka»,.

Norrønt hadde tre kjønn, akkurat som norsk. Kjønna var også dei same: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn.

Norrønt hadde fire kasus, akkurat som moderne tysk. Dei er nominativ, akkusativ, genitiv og dativ. På norsk finn ein restar av kasussystemet i pronomena. For eksempel er «eg» nominativ medan «meg» er akkusativ og dativ. Nominativ er altså den vanlege forma av ordet. Når substantivet er subjektet i setninga, er det nominativ. Akkusativ er direkte objektet i setninga. Ein kan seie at det er den som blir påverka av verbet. For eksempel i setninga «Han slo meg», er «meg» akkusativ ettersom det er eg som blir påverka av verbet. Dativ er indirekte objekt, altså den som får noko eller noko liknande av verbet. For eksempel «han ga meg ein stol». Stol er akkusativ, ettersom det var det han gav meg, mens «meg» er dativ, ettersom det var eg som fekk objektet, stolen, i setninga. Genitiv er den siste forma og den har me framleis på moderne norsk. Genitiv visar kven som eig noko, for eksempel «Eg såg hans bil» så er «hans» genitivsforma av «han».

På norrønt måtte ein bøye alle substantiva i nominativ, akkusativ, genitiv og dativ. I tillegg var det ulike endingar for hokjønns, hankjønns og inkjekjønns substantiv. La oss sjå på hankjønnsordet «armr» som tyder «arm» på moderne norsk. Det bøyar ein slik:

Først eintalsbøying:

Nominativ: Armr.

Akkusativ: Arm

Genitiv: Arms

Dativ: Armi

Fleirtalsbøyingar:

Nominativ: Armar

Akkusativ: Arma

Genitiv: Arma

Dativ: Armum

I tillegg til å bøya substantiv, må ein bøya adjektiva på norrønt. Adjektiva må bøyast i same form som substantiva. Dersom eit substantiv er i dativ, så må adjektivet også vera i dativ. Dette gjer at det er veldig mange forskjellige bøyingsformer på norrønt.

Alle bøyingsformene på norrønt gjorde at setningsstillinga var mykje friare enn moderne norsk. Dette vil seie at det var mykje meir variasjon i korleis ein kunne sette i saman setningar. På moderne norsk er det streng setningsstilling, til vanleg subjekt, verb, objekt. På norrønt kunne ein endra meir på ordstillinga ettersom bøyingsforma til orda viste kva dei tyda.

Dei første tekstane skrivne på norrønt blei skrivne ned på midten av 1100-talet. Ein har fleire steinar med skrift på seg før dette. Det er likevel først på 1100-talet at ein fekk dei første nedskrivne norrøne tekstane som framleis eksisterer. Dei aller fleste norrøne tekstane som har overlevd fram til i dag kjem frå islandsk. Det er særleg snakk om norrøne sagaer, islandske sagaer og mytologisk litteratur. Mytologisk litteratur vil seie tekstar som skildrar norrøn mytologi, altså mytar om Loke, Odin og Tor. Dersom du har lyst til å lesa noko norrøn litteratur legg eg ved ein link til ein nettstad kalla Heimskringla.no 3 som har mange forskjellige norrøne tekstar. Tekstane kan du lesa på det originale norrøne språket eller omsett til norsk bokmål eller nynorsk. Mange av tekstane er også omsette til svensk, dansk, færøysk og attmed latinsk.

Har du lyst til å læra deg norrønt? Då har du flaks at du allereie kan norsk. Norsk kjem jo ifrå norrønt, så då vil du kjenna igjen mange ord. Dersom du vil byrja å læra deg norrønt kan du gjera det ved hjelp av boka «Viking language 1: Learn Old Norse, Runes, and Icelandic Sagas». Den kom ut i 2013 og er ein av dei beste kjeldene til å lære norrønt. Etter den kan ein skaffa seg «Viking lanugage 2» som er etterfølgjaren. Den er mein for folk som har eit middels høgt norrønt nivå. Det er nok ein av dei einaste bøkene til å lære norrønt på engelsk. På norsk finnes det likevel nokre fleire alternativ. «Innføring i norrønt språk» og «grunnbok i norrønt språk» er to norske bøker som handlar om å lære norrønt. Det kan også vera greitt å ha ei ordbok, og det finnes fleire ordbøker på båe norsk og engelsk til norrønt.

Er det vits å læra seg norrønt? Det er nok ikkje veldig nyttig dersom du ikkje har tenkt å studera norrøne tekstar eller vikinghistorie. I dag er det ingen som snakkar norrønt, det vil seie, ingen som snakkar det som morsmål. Likevel kan det vera kult å lære dersom ein er spesielt interessert. Eg kunne ha tenkt meg å lært meg litt norrønt for å fått betre innsikt i mitt eige språk. Det er litt som folk som ønsker å læra seg gammalengelsk for å få betre innsikt i engelsk. For min del hadde det vore interessant å sett meir kor mange av dei orda eg brukar eigentleg kjem frå.

Takk for at du har høyrt på denne episoden av podkasten. Dersom du vil kontakta meg kan du gjera det via e-post. Eg legg ved e-postadressa i deskripsjonen under. Eg håper me treffest igjen i neste episode. Ha det bra!

42 – Norrønt 42 – Nordisch 42 – Norse 42 – Nordique 42 – Nordycki 42 – Nórdico 42 – Норвежский 42 – скандинавська

Før vi begynner vil jeg bare minne dere på at dere kan finne teksten til episoden på nettstedet til podcasten. Before we begin, I just want to remind you that you can find the text of the episode on the podcast's website. Dere finner en link i deskripsjonen under. You will find a link in the description below. I tillegg vil jeg bare nevne at det er mulig å støtte podcasten via patreon. In addition, I just want to mention that it is possible to support the podcast via patreon. Dere finner en link i deskripsjonen under1. You will find a link in the description below1. Takk! Thanks!

Hei og velkommen til ein ny episode av «Lær norsk nå!». Hello and welcome to a new episode of "Learn Norwegian now!". Før me byrjar vil eg berre minna dykk på at de kan finna teksten til episoden på nettstaden til podkasten. Before I start, I just want to remind you that they can find the text of the episode on the podcast's website. Eg legg ved ein link i deskripsjonen under. I tillegg vil eg berre sei at det er mogleg å støtte podcasten på Patreon.2 Eg sett veldig pris på alle som allereie har valt å gjera det. In addition, I just want to say that it is possible to support the podcast on Patreon.2 I really appreciate everyone who has already chosen to do so. De finn ein link i deskripsjonen. You can find a link in the description. Kos dykk med episoden. Enjoy diving with the episode.

Hljóðs bið ek allar I beg you all

helgar kindir, weekend sheep,

meiri ok minni more ok less

mögu Heimdallar; the possibility of Heimdallur;

viltu at ek, Valföðr, do you want me, Valföðr,

vel fyr telja well guy count

forn spjöll fira, forn spjöll fira,

þau er fremst of man. they are primarily too man.

Der står treet som heiter Yggdrasil. Eit mektig tre

Høyr på meg,

alle klasser av menn,

de større og mindre

born åt Heimdall; born to Heimdall;

du bad meg koma, Odin, you bid me coma, Odin,

bad meg fortelja kva eg hugsar asked me to tell what I remember

av dei fyrste tinga som hende

hjå gudane og menn. (omsett av Jackson Crawford)

Dette var eit utdrag av «Voluspå», eit dikt om norrøne gudar og heltar skrive ned på 1200- og 1300-talet på Island, men forteljinga er nok mykje eldre. This was an excerpt from "Voluspå", a poem about Norse gods and heroes written down in the 13th and 14th centuries in Iceland, but the story is probably much older. Teksten er skriven på norrønt. Norrønt er forfaren til språka snakka i Skandinavia i dag, altså norsk, svensk og dansk. Forfar vil seie den nokon stammar i frå, ofte veldig langt tilbake i tid. Ancestor will say it originates from someone, often very far back in time. Norrønt er altså norsk, dansk, svensk, islandsk og færøysk frå 700-talet til 1400-talet. Norrønt is thus Norwegian, Danish, Swedish, Icelandic and Faroese from the 8th century to the 15th century. Ein kan samanlikna det med gammal-engelsk som er forfaren til moderne engelsk. One can compare it with Old English, which is the ancestor of modern English. I denne episoden skal me sjå nærmare på historia til norrønt. Det trur eg også kan hjelpa å forstå betre kor norsk kjem i frå. I think that can also help to better understand where Norwegians come from.

Før norrønt igjen, snaka dei urnordisk i Noreg. Before Norse again, they spoke Old Norse in Norway. Urnordisk var forfaren til norrønt, og ein kan seie at folk snakka urnordisk i Skandinavia frå 200 til 700. Old Norse was the ancestor of Old Norse, and one can say that people spoke Old Norse in Scandinavia from 200 to 700. I Danmark, Noreg og Sverige har dei funne steinar med urnordisk på. In Denmark, Norway and Sweden they have found stones with Old Norse on them. Det er ikkje lange tekstar, men det gjer at me veit litt korleis det såg ut. There are not long texts, but it means that I know a little what it looked like. Dette har hjelpt oss til å forstå betre språkhistoria til norrønt og andre germanske språk. This has helped us to better understand the language history of Norse and other Germanic languages. Dei som budde i Skandinavia på denne tida brukte runealfabetet for å skriva ned tekstane. Runealfabetet er annleis enn det latinske alfabetet som moderne norsk blir skrive på. The runic alphabet is different from the Latin alphabet in which modern Norwegian is written. Norsk er i dag skrive med dei same bokstavane som engelsk, mens urnordisk nytta andre bokstavar. Today, Norwegian is written with the same letters as English, while Old Norse uses different letters.

Språket på steinane byrja å forandra seg på 700-talet. The language on the stones began to change in the eighth century. Språket på steinar frå denne perioden er det første eksempelet på norrønt. The language on stones from this period is the first example of Norse. Det er mange fleire kjelder til norrønt enn urnordisk. There are many more sources for Norse than Old Norse. Dette gjer også at me veit meir om korleis norrønt såg ut og fungerer samanlikna med urnordisk. This also means that we know more about how Norse looked and functioned compared to Old Norse. Norrønt blei også skrive med runealfabetet fram til 1000-talet. Norrønt was also written with the runic alphabet until the 11th century. På 1000-talet var det fleire som byrja å skriva med det latinske alfabetet. In the 11th century, several people began to write with the Latin alphabet. Dette var på grunn av innverknaden frå England. This was due to the influence from England. Norske og danske vikingar tok med seg det latinske alfabetet frå England. Norwegian and Danish Vikings brought the Latin alphabet with them from England.

Norrønt kan delast inn i tre hovuddialekter: Vestnorrønt, austnorrønt og gammalgutnisk. I Noreg snakka ein vestnorrønt, og norsk kjem dermed i frå vestnorrønt. In Norway, one spoke West Norse, and Norwegian thus comes from West Norse. Ettersom norske vikingar reiste til Shetland, Orknøyene, nord England, Irland, Færøyene, Island og Grønland, så dei snakka vestnorrønt på desse stadene også. As Norwegian Vikings traveled to Shetland, the Orkney Islands, northern England, Ireland, the Faroe Islands, Iceland and Greenland, they spoke West Norse in these places as well. I dag er det berre på Færøyene, Island og i Norge at ein framleis snakkar eit vestnordisk språk. Today, it is only in the Faroe Islands, Iceland and Norway that people still speak a West Nordic language. Norsk, færøysk og islandsk kjem alle i frå vestnorrønt, men det er islandsk og færøysk som er nærmast slik vestnorrønt faktisk høyrdest ut. Norwegian, Faroese and Icelandic all come from West Norse, but it is Icelandic and Faroese that are closest to how West Norse actually sounded. I dag er norsk nærmare dansk og svensk, sjølv om det stammar frå vestnorrønt. Today, Norwegian is closer to Danish and Swedish, although it originates from West Norse. Trøndelag og Vestlandet i Noreg var dei viktigaste stadene i Noreg då ein skreiv vestnorrønt. Trøndelag and Vestlandet in Norway were the most important places in Norway when West Norse was written. Dermed er det desse variantane av vestnorrønt som er mest kjende i dag. Thus, it is these variants of West Norse that are best known today. Dei snakka også vestnorrønt på Sørlandet og Austlandet i Noreg. They also spoke West Norse in Sørlandet and Austlandet in Norway.

Svensk og dansk stammar frå austnorrønt, ei av dei andre dialektene av norrønt. Swedish and Danish originate from East Norse, one of the other dialects of Norse. Dialektene på norrønt var veldig like kvarandre, og folk som snakka austnorrønt og vestnorrønt forstod kvarandre veldig godt, kanskje betre enn moderne nordmenn, svenskar og danskar forstår kvarandre. The dialects of Norse were very similar to each other, and people who spoke East Norse and West Norse understood each other very well, perhaps better than modern Norwegians, Swedes and Danes understand each other. Austnorrønt og vestnorrønt er difor kalla for dialekter av same språk, og ikkje som ulike språk. East Norse and West Norse are therefore called dialects of the same language, and not as different languages. Det kan nok samanliknast med britisk og amerikansk engelsk eller norske dialekter. It can probably be compared with British and American English or Norwegian dialects. Den siste dialekta av norrønt heiter gammalgutnisk. Dette var den norrønten dei snakka på Gotland og øyene i Austersjøen, altså øyene mellom dagens Sverige og Estland, Litauen og Latvia. This was the Norse they spoke on Gotland and the islands in the Baltic Sea, i.e. the islands between today's Sweden and Estonia, Lithuania and Latvia. Av og til blir den inkludert som ein del av austnorrønt, men den er forskjellig nok til å kallast ei eiga dialekt. Occasionally it is included as part of East Norse, but it is different enough to be called its own dialect. Det finnes framleis ein moderne variant av gutnisk som bli snakka på Gotland av ca. There is still a modern variant of Gutnish that has been spoken on Gotland since approx. 2000 til 5000 personar.

Færøysk og islandsk er dei moderne språka i dag som liknar mest på norrønt. Færøysk har større dansk påverknad enn islandsk, så islandsk er nok endå nærmare det originale vestnorrøne språket enn færøysk. Faroese has a greater Danish influence than Icelandic, so Icelandic is probably even closer to the original West Norse language than Faroese. Islandsk er altså nærmare norrønt enn færøysk. Icelandic is therefore closer to Norse than Faroese. Likevel er ikkje islandsk identisk med norrønt. Ein som kan islandsk kan nok forstå ein del norrønt, men ein må hugsa på at det er mange år mellom moderne islandsk og norrønt. Someone who knows Icelandic can probably understand some Norse, but you have to remember that there are many years between modern Icelandic and Norse. Det er naturleg at eit språk forandrar seg etter 1000år, og uttalen av moderne islandsk er veldig annleis enn norrønt. It is natural that a language changes after 1000 years, and the pronunciation of modern Icelandic is very different from Norse. Ein som kan islandsk kan derimot lesa og forstå ganske mykje norrønt. Someone who knows Icelandic, on the other hand, can read and understand quite a lot of Norse. Norrønt og islandsk er likare i skriftspråket enn i talespråket. Norse and Icelandic are more alike in the written language than in the spoken language.

Vikingar frå Noreg reiste blant anna til Skotland og nord-England. I fleire dialekter desse stadene er det norrøne låneord som framleis blir brukt. In several dialects of these places, Norse loanwords are still used. Sctos er ei språk som er veldig nærme engelsk. Det blir snakka i Skotland i dag. Scots har mange låneord frå norrønt. For eksempel «bairn» som kjem frå det norrøne ordet «barn» og som også blir brukt på moderne norsk. Andre norrøne ord på scots er fliss, som tyder flis, altså ein liten trebit, og kirk som kjem frå det norrøne ordet «krikja» og tyder kyrkje. Det er altså lett å sjå at dette er ord som kjem frå norrønt ettersom dei er veldig like på norsk. Ein kan også finna norrøne låneord på andre språk som irsk, finsk, russisk, ukrainsk, litauisk, latvisk og estisk.

La oss sjå litt på korleis norrønt grammatikk er samanlikna med norsk grammatikk. På norrønt var det langt fleire bøyingar i substantiv. In Old Norse there were far more inflections in nouns. Bøying vil seie korleis ord endrar seg grammatisk, for eksempel bøyar eit verb, for eksempel frå «sparke» til «sparka»,.

Norrønt hadde tre kjønn, akkurat som norsk. Kjønna var også dei same: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn.

Norrønt hadde fire kasus, akkurat som moderne tysk. Old Norse had four cases, just like modern German. Dei er nominativ, akkusativ, genitiv og dativ. På norsk finn ein restar av kasussystemet i pronomena. In Norwegian, you can find remnants of the case system in pronouns. For eksempel er «eg» nominativ medan «meg» er akkusativ og dativ. For example, "I" is nominative while "me" is accusative and dative. Nominativ er altså den vanlege forma av ordet. Når substantivet er subjektet i setninga, er det nominativ. When the noun is the subject of the sentence, it is nominative. Akkusativ er direkte objektet i setninga. Ein kan seie at det er den som blir påverka av verbet. One can say that it is the person who is affected by the verb. For eksempel i setninga «Han slo meg», er «meg» akkusativ ettersom det er eg som blir påverka av verbet. Dativ er indirekte objekt, altså den som får noko eller noko liknande av verbet. Dative is indirect object, i.e. the one who receives something or something similar from the verb. For eksempel «han ga meg ein stol». For example "he gave me a chair". Stol er akkusativ, ettersom det var det han gav meg, mens «meg» er dativ, ettersom det var eg som fekk objektet, stolen, i setninga. Chair is accusative, as it was what he gave me, while "me" is dative, as it was I who got the object, the chair, in the sentence. Genitiv er den siste forma og den har me framleis på moderne norsk. The genitive is the last form and it still has me in modern Norwegian. Genitiv visar kven som eig noko, for eksempel «Eg såg hans bil» så er «hans» genitivsforma av «han».

På norrønt måtte ein bøye alle substantiva i nominativ, akkusativ, genitiv og dativ. I tillegg var det ulike endingar for hokjønns, hankjønns og inkjekjønns substantiv. La oss sjå på hankjønnsordet «armr» som tyder «arm» på moderne norsk. Det bøyar ein slik:

Først eintalsbøying:

Nominativ: Armr.

Akkusativ:  Arm

Genitiv: Arms

Dativ: Armi

Fleirtalsbøyingar:

Nominativ: Armar

Akkusativ: Arma

Genitiv: Arma

Dativ: Armum

I tillegg til å bøya substantiv, må ein bøya adjektiva på norrønt. Adjektiva må bøyast i same form som substantiva. Dersom eit substantiv er i dativ, så må adjektivet også vera i dativ. Dette gjer at det er veldig mange forskjellige bøyingsformer på norrønt.

Alle bøyingsformene på norrønt gjorde at setningsstillinga var mykje friare enn moderne norsk. All the inflectional forms in Old Norse meant that the sentence position was much freer than in modern Norwegian. Dette vil seie at det var mykje meir variasjon i korleis ein kunne sette i saman setningar. This means that there was much more variation in how one could put sentences together. På moderne norsk er det streng setningsstilling, til vanleg subjekt, verb, objekt. In modern Norwegian it is strict sentence position, for ordinary subject, verb, object. På norrønt kunne ein endra meir på ordstillinga ettersom bøyingsforma til orda viste kva dei tyda. In Norse, you could change the word order more, as the inflection of the words showed what they meant.

Dei første tekstane skrivne på norrønt blei skrivne ned på midten av 1100-talet. Ein har fleire steinar med skrift på seg før dette. One has several stones with writing on them before this. Det er likevel først på 1100-talet at ein fekk dei første nedskrivne norrøne tekstane som framleis eksisterer. However, it was not until the 12th century that the first written down Norse texts that still exist were found. Dei aller fleste norrøne tekstane som har overlevd fram til i dag kjem frå islandsk. The vast majority of Norse texts that have survived to this day come from Icelandic. Det er særleg snakk om norrøne sagaer, islandske sagaer og mytologisk litteratur. This is especially true of Norse sagas, Icelandic sagas and mythological literature. Mytologisk litteratur vil seie tekstar som skildrar norrøn mytologi, altså mytar om Loke, Odin og Tor. Mythological literature means texts that depict Norse mythology, i.e. myths about Loki, Odin and Thor. Dersom du har lyst til å lesa noko norrøn litteratur legg eg ved ein link til ein nettstad kalla Heimskringla.no 3 som har mange forskjellige norrøne tekstar. If you would like to read some Norse literature, I am attaching a link to a website called Heimskringla.no 3 which has many different Norse texts. Tekstane kan du lesa på det originale norrøne språket eller omsett til norsk bokmål eller nynorsk. You can read the texts in the original Norse language or translated into Norwegian Bokmål or Nynorsk. Mange av tekstane er også omsette til svensk, dansk, færøysk og attmed latinsk. Many of the texts have also been translated into Swedish, Danish, Faroese and even Latin.

Har du lyst til å læra deg norrønt? Do you want to learn Norse? Då har du flaks at du allereie kan norsk. Then you're lucky that you already know Norwegian. Norsk kjem jo ifrå norrønt, så då vil du kjenna igjen mange ord. Norwegian comes from Norse, so you will recognize many words. Dersom du vil byrja å læra deg norrønt kan du gjera det ved hjelp av boka «Viking language 1: Learn Old Norse, Runes, and Icelandic Sagas». Den kom ut i 2013 og er ein av dei beste kjeldene til å lære norrønt. It was published in 2013 and is one of the best sources for learning Norse. Etter den kan ein skaffa seg «Viking lanugage 2» som er etterfølgjaren. Den er mein for folk som har eit middels høgt norrønt nivå. It is meant for people who have a medium-high Nordic level. Det er nok ein av dei einaste bøkene til å lære norrønt på engelsk. It is probably one of the only books to learn Norse in English. På norsk finnes det likevel nokre fleire alternativ. In Norwegian, however, there are several alternatives. «Innføring i norrønt språk» og «grunnbok i norrønt språk» er to norske bøker som handlar om å lære norrønt. Det kan også vera greitt å ha ei ordbok, og det finnes fleire ordbøker på båe norsk og engelsk til norrønt.

Er det vits å læra seg norrønt? Is it worth learning Norse? Det er nok ikkje veldig nyttig dersom du ikkje har tenkt å studera norrøne tekstar eller vikinghistorie. It is probably not very useful if you do not intend to study Norse texts or Viking history. I dag er det ingen som snakkar norrønt, det vil seie, ingen som snakkar det som morsmål. Today, no one speaks Norse, that is to say, no one speaks it as a mother tongue. Likevel kan det vera kult å lære dersom ein er spesielt interessert. Nevertheless, it can be cool to learn if you are particularly interested. Eg kunne ha tenkt meg å lært meg litt norrønt for å fått betre innsikt i mitt eige språk. I could have thought of learning a little Norse to gain a better insight into my own language. Det er litt som folk som ønsker å læra seg gammalengelsk for å få betre innsikt i engelsk. It's a bit like people who want to learn Old English to gain a better understanding of English. For min del hadde det vore interessant å sett meir kor mange av dei orda eg brukar eigentleg kjem frå. For my part, it would have been interesting to see how many of the words I use actually come from.

Takk for at du har høyrt på denne episoden av podkasten. Thank you for listening to this episode of the podcast. Dersom du vil kontakta meg kan du gjera det via e-post. If you want to contact me, you can do so via e-mail. Eg legg ved e-postadressa i deskripsjonen under. I am attaching the email address in the description below. Eg håper me treffest igjen i neste episode. I hope we meet again in the next episode. Ha det bra!