×

We use cookies to help make LingQ better. By visiting the site, you agree to our cookie policy.


image

Lær Norsk Nå Podcast, 30 – Nynorsk

30 – Nynorsk

Før me byrjar vil eg berre minna dykk på at de kan finna teksten til episoden på nettstaden til podcasten. Eg legg ved ein link i deskripsjonen under der de finn alle tekstane til alle episodane. Takk.

I Noreg har me to skriftstandardarar: Nynorsk og bokmål. For mange som byrjar å læra norsk kan nok dette vera litt forvirrande; er det to forskjellige språk? Er det to ulike dialekter? Kva er det folk i Noreg eigentleg snakkar? Kva for ein bør eg læra meg? De hugsar sikkert sjølv korleis det var å skulle byrja å læra norsk for så å finna ut kva nynorsk og bokmål var. Det aller vanlegaste for folk som lærar norsk er å læra seg bokmål. Derfor tenkte eg at me kunne sjå litt nærmare på skilnadane på dei to skriftspråka, spesielt med fokus på nynorsk.

La oss byrja med å svara på nokre av dei fundamentale, grunnleggjande spørsmåla om dei to skriftspråka.

Er det forskjellige språk? Nei. Nynorsk og bokmål er to ulike skriftstandardar av same språk. Dette vil seie at båe nynorsk og bokmål er like mykje norsk. Skilnaden mellom dei har meir med historia til språkutviklinga i Noreg å gjera. For å samanlikna med eit anna språk, kan ein seie at nynorsk og bokmål er som om det skulle ha vore to ulike måtar å skriva tysk på: Ein tysk som likna meir på slik dei snakkar i sør-Tyskland og ein annan som liknar meir på slik dei snakkar i nord-Tyskland.

Så dette tar meg til neste spørsmål: Er det to ulike dialekter? Nei. Nynorsk og bokmål er skriftstandardar; det er måtar å skriva norsk på. Folk har si eiga dialekt som kan likna på eit av skriftspråka, men det er ingen som seier at dei snakkar nynorsk eller bokmål. Me snakkar dialekt. Så sjølv om mange på austlandet, særleg rundt Oslo, snakkar ganske likt bokmål, er det nokre skilnadar.

Og dette svarer også på det neste spørsmålet: Kva er det folk i Noreg snakkar? Me snakkar ikkje eit av skriftspråka; me snakkar dialekt.

Men kva for eit av skriftspråka blir mest brukt i Noreg? Bokmål er mykje vanlegare og større enn nynorsk. Ca. 85-90% av norske skuleelevar har bokmål som sitt hovudskriftmål. Dette vil seie at berre 10-15% av nordmenn har nynorsk som hovudmål. Altså er det 500 000 til 750 000 i Noreg som har nynorsk som sitt hovudmål, medan dei andre har bokmål. Dette er også grunnen til at dei aller fleste som lærar norsk lærar seg bokmål. Likevel er det ikkje slik at nynorsk ikkje blir brukt. NRK, den norske statsavisa og TV-kanalen, bruker båe nynorsk og bokmål. I tillegg finnes det fleire forfattarar i Noreg som skriv på nynorsk. Sjølv om nynorsk er mindre enn bokmål, er det mange som brukar det og er glad i nynorsk.

Kan folk i Noreg skriva båe på nynorsk og bokmål? Svaret her vil variera litt frå person til person. Alle i Noreg må læra seg båe nynorsk og bokmål. Me vel eit skriftspråk på barneskulen, altså når me byrjar å lære å lesa og skriva, som skal vera vårt hovudskriftsmål. Eigentleg vil det seie at foreldra vel eit skriftspråk for ungen sin, men det vil ofte vera det som er det mest vanlege skriftspråket på den staden. Der er kjem frå valte nesten alle nynorsk som hovudmål. På skulen har eg derfor hatt nynorsk som mitt hovudmål. Likevel lærte eg også bokmål som då blei mitt sidemål som me seier.

Alle nordmenn kan lesa og forstå båe nynorsk og bokmål. Det er same språk. I tillegg har alle skrive tekster på båe skriftspråka. På skulen må me skriva tekstar på båe nynorsk og bokmål. Likevel er det ikkje alle som synes det er like lett å skriva nynorsk dersom dei har bokmål som hovudmål. Spesielt på austlandet er det mange som slit litt med å skriva nynorsk ettersom det er meir ulikt deira dialekt. Bokmål liknar meir på slik mange snakkar på mange stader på austalandet. Dialektene på vestlandet er derimot ofte mykje likare nynorsk. Det er også vanlegare å ha nynorsk som sitt hovudmål på vestlandet enn på austlandet. Dei aller fleste som har hatt nynorsk som sitt hovudskriftsmål, kan også skriva bokmål. Grunnen til dette er at bokmål er mykje vanlegare enn nynorsk. Folk som har nynorsk les også mykje bokmål, medan det er mindre vanleg for bokmålsbrukarar å lesa nynorsk.

Bør folk som vil læra seg norsk læra bokmål eller nynorsk? Svaret vil variere litt etter kvifor du lærar norsk, men generelt vil eg råda folk til å læra bokmål først. Grunnen til dette er at det er mykje meir materiale for å læra seg bokmål enn nynorsk. I tillegg er det det største skriftspråket i Noreg. Dersom du skal busetta deg ein stad der dei brukar meir nynorsk enn bokmål og der dialekta er nærmare nynorsk kan det derimot vera lurare å læra seg nynorsk. Det kan uansett vera lurt å læra seg båe nynorsk og bokmål på lenger sikt. I Noreg er det mange dialekter, men dersom ein kan båe nynorsk og bokmål blir det lettare å forstå dei aller fleste dialektene i Noreg. Dersom du er interessert i å læra deg nynorsk og ønsker å få litt tips om materiale må du berre ta kontakt med meg.

Nå som me har sett igjennom nokre av dei meste grunnleggjande spørsmåla om dei to skriftspråka, tenkte eg at me kunne snakka litt meir om kvifor me har to skriftspråk i Noreg. Det verkar ganske rart at eit så lite land som Noreg skal ha to skriftspråk. Kva er grunnen eigentleg?

Mykje av grunnen til at me har to skriftspråk i Noreg er fordi Noreg lenge ikkje var eit sjølvstendig land. Heilt sidan slutten av 1300-talet var Noreg i ein personalunion under Danmark. Dette vil seie at kongen av Danmark også var konge av Noreg. På denne tida hadde Noreg eit eige skriftmål, altså ein måte å skriva norsk på. Dette likna meir på slik vikingane snakka og skreiv, altså norrønt. Norsk på denne tida ville derfor ha likna meir på moderne islandsk enn på moderne norsk. Medan me var i unionen med Danmark, blei det mindre og mindre vanleg å bruka det norske skriftsmålet. Dansk er nesten heilt likt norsk, og ettersom dei som styrte var i Danmark, blei det naturleg for folk å skriva dansk i staden for norsk. Dette gjorde at folk byrja å gløyma det norske skriftspråket. Dansk tok over som skriftspråk i Noreg også.

Dette kan likna litt på situasjonen i England då normannarane frå Frankrike erobra øya i 1066. Dersom du er kjent med engelsk historie, veit du sikkert at fransk då blei overklassespråket i England. Fleire og fleire adelsmenn, altså eliten i det samfunnet, brukte fransk i staden for engelsk. I ein periode var det derfor færre og færre som skreiv engelsk. Likevel snakka folk engelsk på langsbygda; dei aller fleste i England snakka engelsk, ikkje fransk.

Det var litt liknande i Noreg. Den norske eliten skreiv på dansk, men dei aller fleste i Noreg haldt fram med å snakka si norske dialekt. I Noreg tok det derimot lenger tid enn England før me fekk eit eige skriftsmål for språket vårt. Tekstar skrivne av norske forfattarar frå denne perioden er derfor skrivne på dansk.

1800-talet var ein tidsperiode det skjedde mykje i Europa. Dette var tida for nasjonalromantikken. Nasjonalismen byrja å blomstra rundt omkring i Europa. I Noreg tydde dette at folk byrja å leita etter ein norsk kultur som var annleis enn den danske. Nordmenn blei meir interesserte i det som gjorde at me skilde oss frå danskane. Noko som skilde oss frå danskane var for eksempel språket vårt. I Noreg snakka me norsk, ikkje dansk. Men det var først etter 1814 dette verkeleg byrja å utvikla seg.

1814 er eit årstall alle i Noreg er kjende med. Det var då Noreg fekk si eiga grunnlov og blei eit sjølvstendig land igjen. Etter 400år under Danmark var Noreg endeleg sjølvstendig igjen. Kvar 17. mai feirar me dagen grunnloven blei underskriven i 1814; det har blitt Noregs nasjonaldag. Det var likevel ikkje lenge Noreg var sjølvstendig. Sverige var lova å få Noreg etter krigen mot Napoleon, og berre etter nokre månadar blei Noreg igjen tvungen under ein ny union. Denne gongen under nabolandet vårt Sverige.

Dette var likevel ein periode det var viktig å finna det særeigne norske, til skilnad frå det danske og svenske. Å leita etter det norske å framheva det var også ein måte å visa motstand mot den nye unionen med Sverige på. Folk ønska no å skriva på norsk, ikkje dansk. Likevel var ikkje alle einige i korleis me skulle laga eit nytt norsk skriftsmål. Nokon meinte at me skulle gradvis fornorska dansken. Dansk og norsk er veldig like språk, og ettersom me allereie hadde brukt dansk i fleire hundre år, var det mange som meinte at det lettaste ville vera å gardvis byta ut danske ord og skrivemåtar til norske. Til slutt ville ein då få eit eige norsk skriftsmål. Andre ville gjera noko meir radikalt. Dei ville legga bort dansken heilt og laga eit nytt norsk skriftspråk frå botn av. Frå botn av tyder at ein lagar noko nytt utan eit tidelgare grunnlag.

Ivar Aasen var den viktigaste personen for dei som ønska eit heilt nytt norsk skriftspråk. Aasen reiste rundt i Noreg og samla norske ord og uttrykk. Han unngjekk byane ettersom han meinte at den danske påverknaden på byane hadde vore for stor. Etter mykje hardt arbeid publiserte Aasen si ordbok og grammatikk for landsmål i 1850. Landsmål er det gamle namnet på nynorsk. Det var altså Ivar Aasen som laga nynorsken på 1800-talet. Han gjorde det ved å ta utgangspunkt i norske dialekter.

Knud Knudsen er ein av dei meste kjente personane for den andre sida, dei som ønska å fornorska dansken. Dei hadde same mål som Ivar Aasen, eit nytt norsk skriftspråk, men ønska at prosessen skulle vera litt meir gradvis. I tillegg hadde dei større innslag av bymåla, slik dei snakka i byane. Som sagt valde Aasen å ikkje ta med desse ettersom han meinte at dei hadde blitt for danske. Det var dette som utvikla seg til riksmål som er det gamle namnet på bokmål.

Grunnen til at vi har to skriftspråk i Noreg er difor mykje på grunn av desse tidlege ueinigheitene. Det var lenge ein kamp om kva for ein form som skulle bli det offisielle norske skriftspråket. I 1885 valte stortinget, nasjonalforsamlinga i Noreg, å gjere nynorsk og bokmål til dei to offisielle, og likestilte skriftspråka i Noreg. Sidan den gong har vi altså hatt to skriftspråk her i Noreg. På byrjinga av 1900-tallet prøvde ein å samla nynorsk og bokmål til eit felles norsk skriftspråk, kalla samnorsk. Dette ønska ein å gjera ved å gradvis gjera skriftspråka likare kvarandre. Dette møtte derimot motstand blant mange, og i dag jobbar ein ikkje lenger for å samla nynorsk og bokmål.

Til slutt tenkte eg me kunne sjå litt kjapt på nokre av dei viktigaste skilnadane på bokmål og nynorsk.

Nynorsk og bokmål delar mange av dei same orda, men det finnes nokre skilnadar mellom dei. I tillegg blir mange av fellesorda skrivne annleis. For eksempel seier ein «eg» på nynorsk og «jeg» på bokmål. Nokre andre eksempel er:

Nynorsk: Bokmål:

Nokre Noen

Mogleg Mulig

Høg Høy

Skule Skole

Nokre ord du berre finn på nynorsk er for eksempel:

Framifrå: Dette tyder veldig bra. Du kan seie at noko er framifrå. Du har skrive ein framifrå tekst.

Løyndom: Ordet tyder hemmelegheit.

Vonar: Ordet tyder å ønska eller håpa. Det kan også tyda lova. Dette er eit litt vanskeleg ord

ettersom det ligg fleire tydingar i det, men det er eit vanleg ord på nynorsk.

Til dømes: Dette er ein anna måte å seie for eksempel på.

Grammatikken mellom nynorsk og bokmål er ganske lik. Det finnes likevel nokre skilnadar.

På bokmål finnes det tre kjønn, men hokjønnsforma «ei» er ikkje obligatorisk. På nynorsk må du bruka «ei». I tillegg er bøyingsformane litt ulike.

For eksempel bøyer ein ordet «bil» slikt på bokmål:

En bil – den bilen – flere biler – alle bilene.

På nynorsk blir dette:

Ein bil – den bilen – fleire bilar – alle bilane

Dei fleste grammatikkskilnadane mellom nynorsk og bokmål er ein konsekvens av at nynorsk har litt andre og fleire bøyingar for hankjønn, hokjønn og inkjekjønnsord. Dersom du er interessert i å finna ut meir rådar eg deg til å lesa deg opp på nynorsk grammatikk.

Takk for at du har høyrt på denne episoden av «lær norsk nå!». Dersom du har nokre spørsmål kan du senda meg dei på epost. Eposten er «laernorsknaa@gmail.com». Du finn ein link i deskripsjonen. Du må berre ta kontakt om du har nokre spørsmål om nynorsk eller om du ønsker å læra det. Elles vil eg berre ønska deg ein strålande dag vidare. Ha det bra!

30 – Nynorsk 30 – Nynorsk 30 – Nynorsk 30 – Nynorsk 30 – Nynorsk 30 – Nynorsk 30 – Nynorsk 30 – нюношк

Før me byrjar vil eg berre minna dykk på at de kan finna teksten til episoden på nettstaden til podcasten. Before I start, I just want to remind you that you can find the text of the episode on the website of the podcast. Başlamadan önce bölümün metnini podcast'in web sitesinde bulabileceğinizi hatırlatmak isterim. Eg legg ved ein link i deskripsjonen under der de finn alle tekstane til alle episodane. Aşağıdaki açıklamaya tüm bölümlerin tüm metinlerini bulabileceğiniz bir bağlantı ekliyorum. Takk.

I Noreg har me to skriftstandardarar: Nynorsk og bokmål. Norveç'te iki yazı standardımız vardır: Nynorsk ve Bokmål. For mange som byrjar å læra norsk kan nok dette vera litt forvirrande; er det to forskjellige språk? For many who start learning Norwegian, this can probably be a bit confusing; are there two different languages? Er det to ulike dialekter? Kva er det folk i Noreg eigentleg snakkar? Kva for ein bør eg læra meg? Which one should I learn? De hugsar sikkert sjølv korleis det var å skulle byrja å læra norsk for så å finna ut kva nynorsk og bokmål var. They probably remember what it was like to start learning Norwegian and then find out what Nynorsk and Bokmål were. Det aller vanlegaste for folk som lærar norsk er å læra seg bokmål. The most common thing for people learning Norwegian is to learn Bokmål. Derfor tenkte eg at me kunne sjå litt nærmare på skilnadane på dei to skriftspråka, spesielt med fokus på nynorsk. Therefore, I thought that we could look a little closer at the differences in the two written languages, especially with a focus on Nynorsk.

La oss byrja med å svara på nokre av dei fundamentale, grunnleggjande spørsmåla om dei to skriftspråka. Let us begin by answering some of the fundamental, fundamental questions about the two written languages.

Er det forskjellige språk? Are there different languages? Nei. Nynorsk og bokmål er to ulike skriftstandardar av same språk. Dette vil seie at båe nynorsk og bokmål er like mykje norsk. This means that both Nynorsk and Bokmål are equally Norwegian. Skilnaden mellom dei har meir med historia til språkutviklinga i Noreg å gjera. The difference between them has more to do with the history of language development in Norway. For å samanlikna med eit anna språk, kan ein seie at nynorsk og bokmål er som om det skulle ha vore to ulike måtar å skriva tysk på: Ein tysk som likna meir på slik dei snakkar i sør-Tyskland og ein annan som liknar meir på slik dei snakkar i nord-Tyskland. To compare with another language, one can say that Nynorsk and Bokmål are as if there were two different ways of writing German: a German that is more similar to the way they speak in southern Germany and another that is more similar to as they speak in northern Germany.

Så dette tar meg til neste spørsmål: Er det to ulike dialekter? So this brings me to the next question: Are there two different dialects? Nei. Nynorsk og bokmål er skriftstandardar; det er måtar å skriva norsk på. Nynorsk and Bokmål are writing standards; there are ways to write Norwegian. Folk har si eiga dialekt som kan likna på eit av skriftspråka, men det er ingen som seier at dei snakkar nynorsk eller bokmål. People have their own dialect that can resemble one of the written languages, but no one says they speak Nynorsk or Bokmål. Me snakkar dialekt. We speak dialect. Så sjølv om mange på austlandet, særleg rundt Oslo, snakkar ganske likt bokmål, er det nokre skilnadar. So even though many people in the east, especially around Oslo, speak Bokmål quite similarly, there are some differences.

Og dette svarer også på det neste spørsmålet: Kva er det folk i Noreg snakkar? And this also answers the next question: What do people in Norway speak? Me snakkar ikkje eit av skriftspråka; me snakkar dialekt. We do not speak any of the written language; we speak dialect.

Men kva for eit av skriftspråka blir mest brukt i Noreg? But which one of the written languages is most used in Norway? Bokmål er mykje vanlegare og større enn nynorsk. Bokmål is much more common and larger than Nynorsk. Ca. 85-90% av norske skuleelevar har bokmål som sitt hovudskriftmål. Dette vil seie at berre 10-15% av nordmenn har nynorsk som hovudmål. This means that only 10-15% of Norwegians have Nynorsk as their main language. Altså er det 500 000 til 750 000 i Noreg som har nynorsk som sitt hovudmål, medan dei andre har bokmål. So there are 500,000 to 750,000 in Norway who speak Nynorsk as their main language, while the others speak Bokmål. Dette er også grunnen til at dei aller fleste som lærar norsk lærar seg bokmål. This is also the reason why the vast majority of people who learn Norwegian learn Bokmål. Likevel er det ikkje slik at nynorsk ikkje blir brukt. Nevertheless, it is not the case that Nynorsk is not used. NRK, den norske statsavisa og TV-kanalen, bruker båe nynorsk og bokmål. I tillegg finnes det fleire forfattarar i Noreg som skriv på nynorsk. Sjølv om nynorsk er mindre enn bokmål, er det mange som brukar det og er glad i nynorsk. Although Nynorsk is smaller than Bokmål, many people use it and are happy with Nynorsk.

Kan folk i Noreg skriva båe på nynorsk og bokmål? Can people in Norway write both in Nynorsk and Bokmål? Svaret her vil variera litt frå person til person. Alle i Noreg må læra seg båe nynorsk og bokmål. Everyone in Norway must learn both Nynorsk and Bokmål. Me vel eit skriftspråk på barneskulen, altså når me byrjar å lære å lesa og skriva, som skal vera vårt hovudskriftsmål. We choose a written language in primary school, ie when we start learning to read and write, which should be our main goal. Eigentleg vil det seie at foreldra vel eit skriftspråk for ungen sin, men det vil ofte vera det som er det mest vanlege skriftspråket på den staden. Actually, it means that the parents choose a written language for their child, but it will often be the most common written language in that place. Der er kjem frå valte nesten alle nynorsk som hovudmål. Almost all of Nynorsk is chosen as the main language. På skulen har eg derfor hatt nynorsk som mitt hovudmål. At school, I therefore had Nynorsk as my main target. Likevel lærte eg også bokmål som då blei mitt sidemål som me seier. Nevertheless, I also learned book language, which then became my side goal as my victory.

Alle nordmenn kan lesa og forstå båe nynorsk og bokmål. Det er same språk. I tillegg har alle skrive tekster på båe skriftspråka. In addition, all have written texts in both written languages. På skulen må me skriva tekstar på båe nynorsk og bokmål. Likevel er det ikkje alle som synes det er like lett å skriva nynorsk dersom dei har bokmål som hovudmål. Nevertheless, not everyone finds it as easy to write Nynorsk if they have Bokmål as their main language. Spesielt på austlandet er det mange som slit litt med å skriva nynorsk ettersom det er meir ulikt deira dialekt. Especially in the east, there are many people who struggle a bit with writing Nynorsk because it is more different from their dialect. Bokmål liknar meir på slik mange snakkar på mange stader på austalandet. Bokmål is more similar to the way many people speak in many places in the eastern part of the country. Dialektene på vestlandet er derimot ofte mykje likare nynorsk. Det er også vanlegare å ha nynorsk som sitt hovudmål på vestlandet enn på austlandet. Dei aller fleste som har hatt nynorsk som sitt hovudskriftsmål, kan også skriva bokmål. The vast majority of people who have had Nynorsk as their main writing language can also write Bokmål. Grunnen til dette er at bokmål er mykje vanlegare enn nynorsk. Folk som har nynorsk les også mykje bokmål, medan det er mindre vanleg for bokmålsbrukarar å lesa nynorsk. People who speak Nynorsk also read a lot of Bokmål, while it is less common for Bokmål users to read Nynorsk.

Bør folk som vil læra seg norsk læra bokmål eller nynorsk? Should people who want to learn Norwegian learn Bokmål or Nynorsk? Svaret vil variere litt etter kvifor du lærar norsk, men generelt vil eg råda folk til å læra bokmål først. The answer will vary slightly depending on why you are learning Norwegian, but in general I would advise people to learn Bokmål first. Grunnen til dette er at det er mykje meir materiale for å læra seg bokmål enn nynorsk. The reason for this is that there is much more material for learning Bokmål than Nynorsk. I tillegg er det det største skriftspråket i Noreg. In addition, it is the largest written language in Norway. Dersom du skal busetta deg ein stad der dei brukar meir nynorsk enn bokmål og der dialekta er nærmare nynorsk kan det derimot vera lurare å læra seg nynorsk. If you are going to live in a place where they use Nynorsk more than Bokmål and where the dialect is closer to Nynorsk, it may be wiser to learn Nynorsk. Det kan uansett vera lurt å læra seg båe nynorsk og bokmål på lenger sikt. In any case, it may be a good idea to learn both Nynorsk and Bokmål in the longer term. I Noreg er det mange dialekter, men dersom ein kan båe nynorsk og bokmål blir det lettare å forstå dei aller fleste dialektene i Noreg. Dersom du er interessert i å læra deg nynorsk og ønsker å få litt tips om materiale må du berre ta kontakt med meg.

Nå som me har sett igjennom nokre av dei meste grunnleggjande spørsmåla om dei to skriftspråka, tenkte eg at me kunne snakka litt meir om kvifor me har to skriftspråk i Noreg. Now that I have seen through some of the most basic questions about the two written languages, I thought I could talk a little more about why we have two written languages in Norway. Det verkar ganske rart at eit så lite land som Noreg skal ha to skriftspråk. Kva er grunnen eigentleg?

Mykje av grunnen til at me har to skriftspråk i Noreg er fordi Noreg lenge ikkje var eit sjølvstendig land. Heilt sidan slutten av 1300-talet var Noreg i ein personalunion under Danmark. Dette vil seie at kongen av Danmark også var konge av Noreg. På denne tida hadde Noreg eit eige skriftmål, altså ein måte å skriva norsk på. At this time, Norway had its own written language, i.e. a way of writing Norwegian. Dette likna meir på slik vikingane snakka og skreiv, altså norrønt. This was more like the way the Vikings spoke and wrote, i.e. Norse. Norsk på denne tida ville derfor ha likna meir på moderne islandsk enn på moderne norsk. Norwegian at this time would therefore have been more similar to modern Icelandic than to modern Norwegian. Medan me var i unionen med Danmark, blei det mindre og mindre vanleg å bruka det norske skriftsmålet. While we were in the union with Denmark, it became less and less common to use the written Norwegian language. Dansk er nesten heilt likt norsk, og ettersom dei som styrte var i Danmark, blei det naturleg for folk å skriva dansk i staden for norsk. Danish is almost exactly the same as Norwegian, and as those who ruled were in Denmark, it became natural for people to write Danish instead of Norwegian. Dette gjorde at folk byrja å gløyma det norske skriftspråket. This meant that people began to forget the Norwegian written language. Dansk tok over som skriftspråk i Noreg også.

Dette kan likna litt på situasjonen i England då normannarane frå Frankrike erobra øya i 1066. This can be somewhat similar to the situation in England when the Normans from France conquered the island in 1066. Dersom du er kjent med engelsk historie, veit du sikkert at fransk då blei overklassespråket i England. If you are familiar with English history, you probably know that French then became the upper-class language in England. Fleire og fleire adelsmenn, altså eliten i det samfunnet, brukte fransk i staden for engelsk. I ein periode var det derfor færre og færre som skreiv engelsk. Likevel snakka folk engelsk på langsbygda; dei aller fleste i England snakka engelsk, ikkje fransk. Nevertheless, people spoke English in the countryside; the vast majority of people in England speak English, not French.

Det var litt liknande i Noreg. It was somewhat similar in Norway. Den norske eliten skreiv på dansk, men dei aller fleste i Noreg haldt fram med å snakka si norske dialekt. The Norwegian elite wrote in Danish, but the vast majority in Norway continued to speak their Norwegian dialect. I Noreg tok det derimot lenger tid enn England før me fekk eit eige skriftsmål for språket vårt. In Norway, however, it took longer than in England before we got our own written language for our language. Tekstar skrivne av norske forfattarar frå denne perioden er derfor skrivne på dansk.

1800-talet var ein tidsperiode det skjedde mykje i Europa. The 19th century was a time period in which a lot happened in Europe. Dette var tida for nasjonalromantikken. Nasjonalismen byrja å blomstra rundt omkring i Europa. I Noreg tydde dette at folk byrja å leita etter ein norsk kultur som var annleis enn den danske. In Norway, this meant that people started looking for a Norwegian culture that was different from the Danish one. Nordmenn blei meir interesserte i det som gjorde at me skilde oss frå danskane. Norwegians became more interested in what made us different from the Danes. Noko som skilde oss frå danskane var for eksempel språket vårt. Something that separated us from the Danes was, for example, our language. I Noreg snakka me norsk, ikkje dansk. Men det var først etter 1814 dette verkeleg byrja å utvikla seg. But it was only after 1814 that this really started to develop.

1814 er eit årstall alle i Noreg er kjende med. 1814 is a year everyone in Norway is familiar with. Det var då Noreg fekk si eiga grunnlov og blei eit sjølvstendig land igjen. Etter 400år under Danmark var Noreg endeleg sjølvstendig igjen. After 400 years under Denmark, Norway was finally independent again. Kvar 17. mai feirar me dagen grunnloven blei underskriven i 1814; det har blitt Noregs nasjonaldag. Every 17 May we celebrate the day the constitution was signed in 1814; it has become Norway's national day. Det var likevel ikkje lenge Noreg var sjølvstendig. However, it was not long before Norway was independent. Sverige var lova å få Noreg etter krigen mot Napoleon, og berre etter nokre månadar blei Noreg igjen tvungen under ein ny union. Sweden was promised Norway after the war against Napoleon, and only after a few months Norway was again forced under a new union. Denne gongen under nabolandet vårt Sverige. This time under our neighboring country Sweden.

Dette var likevel ein periode det var viktig å finna det særeigne norske, til skilnad frå det danske og svenske. This was nevertheless a period when it was important to find the distinctively Norwegian, to distinguish it from the Danish and Swedish. Å leita etter det norske å framheva det var også ein måte å visa motstand mot den nye unionen med Sverige på. Looking for the Norwegian and emphasizing it was also a way of showing opposition to the new union with Sweden. Folk ønska no å skriva på norsk, ikkje dansk. People now want to write in Norwegian, not Danish. Likevel var ikkje alle einige i korleis me skulle laga eit nytt norsk skriftsmål. Nevertheless, not everyone agreed on how to create a new Norwegian written language. Nokon meinte at me skulle gradvis fornorska dansken. Someone said that I should gradually learn Danish. Dansk og norsk er veldig like språk, og ettersom me allereie hadde brukt dansk i fleire hundre år, var det mange som meinte at det lettaste ville vera å gardvis byta ut danske ord og skrivemåtar til norske. Danish and Norwegian are very similar languages, and as we had already used Danish for several hundred years, there were many who thought that the easiest thing would be to gradually replace Danish words and spellings with Norwegian. Til slutt ville ein då få eit eige norsk skriftsmål. In the end, you would then have your own Norwegian written language. Andre ville gjera noko meir radikalt. Others wanted to do something more radical. Dei ville legga bort dansken heilt og laga eit nytt norsk skriftspråk frå botn av. They wanted to do away with Danish entirely and create a new Norwegian written language from scratch. Frå botn av tyder at ein lagar noko nytt utan eit tidelgare grunnlag. From the bottom up means that you create something new without a previous foundation.

Ivar Aasen var den viktigaste personen for dei som ønska eit heilt nytt norsk skriftspråk. Ivar Aasen was the most important person for those who wanted a completely new Norwegian written language. Aasen reiste rundt i Noreg og samla norske ord og uttrykk. Han unngjekk byane ettersom han meinte at den danske påverknaden på byane hadde vore for stor. He avoided the cities as he believed that the Danish impact on the cities had been too great. Etter mykje hardt arbeid publiserte Aasen si ordbok og grammatikk for landsmål i 1850. After much hard work, Aasen published his dictionary and grammar for national languages in 1850. Landsmål er det gamle namnet på nynorsk. Landsmål is the old name for Nynorsk. Det var altså Ivar Aasen som laga nynorsken på 1800-talet. So it was Ivar Aasen who created Nynorsk in the 19th century. Han gjorde det ved å ta utgangspunkt i norske dialekter. He did so by starting from Norwegian dialects.

Knud Knudsen er ein av dei meste kjente personane for den andre sida, dei som ønska å fornorska dansken. Knud Knudsen is one of the most famous people on the other side, those who wanted to Norwegianize the Danes. Dei hadde same mål som Ivar Aasen, eit nytt norsk skriftspråk, men ønska at prosessen skulle vera litt meir gradvis. They had the same goal as Ivar Aasen, a new Norwegian written language, but wanted the process to be a little more gradual. I tillegg hadde dei større innslag av bymåla, slik dei snakka i byane. In addition, they had a greater element of urban planning, as they spoke in the cities. Som sagt valde Aasen å ikkje ta med desse ettersom han meinte at dei hadde blitt for danske. As I said, Aasen chose not to include these as he thought they had become too Danish. Det var dette som utvikla seg til riksmål som er det gamle namnet på bokmål. It was this that developed into Riksmål, which is the old name for Bokmål.

Grunnen til at vi har to skriftspråk i Noreg er difor mykje på grunn av desse tidlege ueinigheitene. The reason why we have two written languages in Norway is therefore largely due to these early disagreements. Det var lenge ein kamp om kva for ein form som skulle bli det offisielle norske skriftspråket. For a long time, there was a battle about what kind of form should become the official Norwegian written language. I 1885 valte stortinget, nasjonalforsamlinga i Noreg, å gjere nynorsk og bokmål til dei to offisielle, og likestilte skriftspråka i Noreg. In 1885, the Storting, the national assembly in Norway, voted to make Nynorsk and Bokmål the two official, equal written languages in Norway. Sidan den gong har vi altså hatt to skriftspråk her i Noreg. Since then, we have had two written languages here in Norway. På byrjinga av 1900-tallet prøvde ein å samla nynorsk og bokmål til eit felles norsk skriftspråk, kalla samnorsk. At the beginning of the 20th century, an attempt was made to combine Nynorsk and Bokmål into a common Norwegian written language, called Samnorsk. Dette ønska ein å gjera ved å gradvis gjera skriftspråka likare kvarandre. One would like to do this by gradually making the written languages more similar to each other. Dette møtte derimot motstand blant mange, og i dag jobbar ein ikkje lenger for å samla nynorsk og bokmål. However, this met with resistance among many, and today people no longer work to combine Nynorsk and Bokmål.

Til slutt tenkte eg me kunne sjå litt kjapt på nokre av dei viktigaste skilnadane på bokmål og nynorsk. Finally, I thought I could look a little quickly at some of the most important differences in Bokmål and Nynorsk.

Nynorsk og bokmål delar mange av dei same orda, men det finnes nokre skilnadar mellom dei. Nynorsk and Bokmål share many of the same words, but there are some differences between them. I tillegg blir mange av fellesorda skrivne annleis. In addition, many of the common words are written differently. For eksempel seier ein «eg» på nynorsk og «jeg» på bokmål. For example, one says "eg" in Nynorsk and "jeg" in Bokmål. Nokre andre eksempel er:

Nynorsk: Bokmål:

Nokre Noen Some Some

Mogleg Mulig Possible Possible

Høg Høy

Skule Skole

Nokre ord du berre finn på nynorsk er for eksempel: Some words you only find in Nynorsk are, for example:

Framifrå: Dette tyder veldig bra. From the front: This indicates very well. Du kan seie at noko er framifrå. You can say that something is ahead. Du har skrive ein framifrå tekst. You have written a text from the front.

Løyndom: Ordet tyder hemmelegheit. Confidentiality: The word implies secrecy.

Vonar: Ordet tyder å ønska eller håpa. Vonar: The word means to wish or hope. Det kan også tyda lova. It can also mean the law. Dette er eit litt vanskeleg ord

ettersom det ligg fleire tydingar i det, men det er eit vanleg ord på nynorsk. as there are several meanings in it, but it is a common word in Nynorsk.

Til dømes: Dette er ein anna måte å seie for eksempel på. For example: This is another way of saying, for example.

Grammatikken mellom nynorsk og bokmål er ganske lik. The grammar between Nynorsk and Bokmål is quite similar. Det finnes likevel nokre skilnadar.

På bokmål finnes det tre kjønn, men hokjønnsforma «ei» er ikkje obligatorisk. In Bokmål there are three genders, but the gender form "ei" is not mandatory. På nynorsk må du bruka «ei». I tillegg er bøyingsformane litt ulike. In addition, the inflectional forms are slightly different.

For eksempel bøyer ein ordet «bil» slikt på bokmål: For example, one inflects the word "car" like this in Bokmål:

En bil – den bilen – flere biler – alle bilene.

På nynorsk blir dette:

Ein bil – den bilen – fleire bilar – alle bilane

Dei fleste grammatikkskilnadane mellom nynorsk og bokmål er ein konsekvens av at nynorsk har litt andre og fleire bøyingar for hankjønn, hokjønn og inkjekjønnsord. Most of the grammatical differences between Nynorsk and Bokmål are a consequence of Nynorsk having slightly different and more inflections for masculine, feminine and neuter words. Dersom du er interessert i å finna ut meir rådar eg deg til å lesa deg opp på nynorsk grammatikk. If you are interested in finding out more, I advise you to read up on Nynorsk grammar.

Takk for at du har høyrt på denne episoden av «lær norsk nå!». Thank you for listening to this episode of "learn Norwegian now!". Dersom du har nokre spørsmål kan du senda meg dei på epost. If you have any questions, you can send them to me by e-mail. Eposten er «laernorsknaa@gmail.com». Du finn ein link i deskripsjonen. Du må berre ta kontakt om du har nokre spørsmål om nynorsk eller om du ønsker å læra det. You only have to get in touch if you have any questions about Nynorsk or if you want to learn it. Elles vil eg berre ønska deg ein strålande dag vidare. Ha det bra!