×

We use cookies to help make LingQ better. By visiting the site, you agree to our cookie policy.


image

Lær Norsk Nå Podcast, 22 – Den grøne revolusjonen

22 – Den grøne revolusjonen

Før me byrjar vil eg minna dykk på at de kan finna teksten til denne episoden på heimsida til denne podcasten. Sjå i deskripsjonen til episoden for å finna linken til nettstaden.

God dag! I dag skal me snakka om noko som ligg nærme hjarta mitt. «Å ligga nærme hjarta mitt» betyr at det er viktig for meg – og dette er viktig for meg. For i dag skal me snakka om jordbruk, om bønder og om matproduksjon. Eg bur i eit område i Noreg med svært mykje av jordbruket i landet. I min region er det veldig mange gardar og jorder. Me lev av jorda. Det lokale idrettsanlegget, staden der me spelar sport, heitar løå – det er love på mi dialekt. Ein av mine beste venar frå barneskulen var ein bondeson – eg hugsar at det var veldig kjekt å vera med han og leika på garden der. Så temaet i dag er noko som verkeleg ligg hjarta mitt nært. I dag skal me snakka om den såkalla «grøne revolusjonen» på 1950-talet.

Den grøne revolusjonen er nok ikkje lika kjent som for eksempel den industrielle revolusjonen, men den var veldig viktig for utviklinga av den moderne verda som me kjenner i dag. Den grøne revolusjonen har også blitt kalla for den tredje jordbruksrevolusjonen – den fyrste var byrjinga av jordbruket for 100 00år sidan, den andre var utviklinga av jordbruket i Storbritannia på 1700- og 1800-talet som effektiviserte det. Den tredje jordbruksrevolusjonen, også kalla den grøne revolusjonen, er namnet på moderniseringa av jordbruket i den fattigare delen av verda på 1950- og 60-talet. Til skilnad frå dei to førre jordbruksrevolusjonane, var ikkje denne avhengig av ny teknologi. I staden handla det om å spreie moderne jordbruksmetodar frå den rikare til den fattigare delen av verda. Den grøne revolusjonen var enormt viktig i å hindra svoltkatastrofar i den fattige delen av verda ettersom folkeveksten i denne staden av verda skaut fart.

Før me går djupare inn i den grøne revolusjonen, er det viktig at me blir kjende med ein brite kalla Malthus. Brite vil seie ein person frå Storbritannia. Malthus var ein engelsk økonom som levde frå 1766 til 1834. Han levde altså akkurat i byrjinga av den industrielle revolusjonen i Storbritannia. Det mest kjende verket hans er utan tvil boka hans «An Essay on the Principle of Population» frå 1798. Boka var frykteleg pessimistisk om den økonomsike veksten til Storbritannia i perioden. Han sa at ein auke i matproduksjonen kom til å forbetra levekåra, korleis folk levde, på kort sikt. Likevel ville matauke, i følgje Malthus, føra til folkeauke. Ettersom det blei fleire og fleire folk, ville levevilkåra bli dårlegare igjen. Dette blei kalla for Mathusfella. Malthus meinte også at folkeauka ville auka raskare enn auka i matproduksjonen. Ettersom det blei fleire og fleire folk på mindre og mindre mat, ville ein til slutt få ei eller fleire kriser som sjukdom, krig og svolt som ville tvinga folketalet tilbake igjen. Den engelske økonomen hadde altså ikkje eit veldig optimistisk syn på folkeauke.

Malthus si krise kom eigentleg aldri til England. Ettersom samfunnet blei industrialisert, auka matproduksjonen faktisk raskare enn folkeauka. Kanskje hadde den industrielle revolusjonen endra spelereglane? Likevel var det mange som var redde for den store folkeauka då me i 1960 nådde tre milliardar folk på jorda. I 1927 hadde verdas befolkning vore to milliardar. Det tyder at på berre 33år hadde folketalet auka med ein milliard. Og det mest skremmande var at folkeauka var på sitt høgast i akkurat denne perioden. Raskast var veksten i den fattigaste delen av verda. Mange var redde for at ein kom til å få ei Malthusisk krise ettersom dei fattigaste landa ikkje produserte nok mat til det aukande folketalet i landet. Kva ville skje dersom folkeauka berre auka endå meir? Kor mange ville det leva på jorda om 50år? For mange verka det som om ein katastrofe var uunngåeleg.

Paul R. Ehrlich, professor ved Stanford University, skreiv boka «The Population Bomb» i 1968 som spådde ei verdskrise på 1970- og 80-talet. Han trudde at ein ville få svoltkatastrofar rundt omkring i verda på grunn av overbefolkning. Boka fekk stor merksemd i si tid, og mange var redde for kva som kunne kome til å skje. Folketalet auka, det blei mindre og mindre mat – kva kunne ein gjera? Krisa som Ehrlich spådde kom derimot aldri. Folketalet er i dag over 7 milliardar utan at me har fått ei svoltkrise i heile verda. Mykje av svaret på kvifor er den grøne revolusjonen som skjedde omtrent på same tid som Ehrlich skreiv boka si.

Mexico har blitt kalla fødestaden for den grøne revolusjonen, staden der den grøne revolusjonen byrja. I 1943 bestemte den meksikanske finansministaren Camacho seg for å satsa på å betra jordbruket i landet. Han fekk støtte frå USA, Dei sameinte nasjonar (UN på engelsk), og Rockefeller-stiftinga. For USA var Mexico eit prøveprosjekt for å ta i bruk teknologi og vitskapleg kunnskap i å betra jordbruksproduksjonen i den fattigare delen av verda. Ny teknologi blei brakt over til landet, meir moderne produksjonsmetodar blei tatt i bruk, og kanskje det viktigast, ein ny type mais blei dyrka. Den nye typen mais var avla fram til å takla det meksikanske klimaet betre. Slik auka avlingane og Mexico blei sjølvforsynte på mat. Dei meksikanske myndigheitene skipa CIMMYT, ein organisasjon for internasjonal forsking på mais og kort for å utvikla maistypar og korntypar som var endå betre.

Betre teknologi gjorde at jordbruket blei meir effektivt – ein trengte færre folk til å gjera det same arbeidet. Slik kunne fleire folk gå inn i andre industriar, og slik få ein vekst i andre næringar i landet. Betre gjødsling og den nye maistypen gjorde at avlingane blei mykje større slik at ein kunne produsera meir mat utan å dyrka opp ny jord. Insektmiddel verna plantane mot insekt og skadedyr som hadde øydelagt store delar av avlinga. Desse midla kunne derimot vera farlege for bøndene sjølv som måtte sprøyta det på avlingane. I tillegg kunne det skada økosystema rundt gardane. Den grøne revolusjonen var dermed ikkje berre positivt, men den førde til mykje større matproduksjon. Mexico gjekk frå å importera mat – dei produserte ikkje nok før den grøne revolusjonen – til å eksportera korn på verdsmarknaden i 1963.

No var det på tide å spreie den grøne revolusjonen vidare til andre land. I mange asiatiske land dyrkar ein først og fremst ris, ikkje korn eller mais. I Mexico hadde ein sett kor viktig det var å avla fram mais- og korntypar som var tilpassa eit meksikansk klima. Dette ønska ein å spreie til Asia ved å forbetra ristypane. Filippinene fekk i 1960 stønad av Ford-stiftinga og Rockefeller-stiftinga til å etablera IRRI, det internasjonale risforskingsinstituttet – ein organisasjon for å betra risen. I 1966 avla ein fram ristypen IR8 som produserte mykje meir enn tidlegare. Avlingane auka enormt. Filippinene gjekk frå å produsera 3,7 millionar tonn ris kvart år på 60-talet, til å produsera 7,7 millionar 20år seinare. På 20år hadde altså produksjonen auka med over dobbelt så mykje. Dette var ein høgare auke enn folketalet som gjekk frå 25 millionar i 1960 til 48millionar i 1980. Den nye ristypen gjorde at Filippinene blei ein eksportør av ris for første gong på 1900-talet. Det viste seg at Malthus hadde feil nok ein gong.

Ein av dei viktigaste personane i den grøne revolusjonen var den amerikanske agronomen Norman Borlaug. Han var svært viktig i utviklinga av ein ny korntype i Mexico som gjorde at kornproduksjonen auka. Dette gjorde han på 1940-talet, i byrjinga av den grøne revolusjonen. Hans suksessar i Mexico gjorde at India inviterte han over for å betra jordbruket der også.

I 1961 sleit India med å produsera nok mat til den aukande befolkninga si. Faktisk var dei på randa av massesvolt. Å vera på randa av noko vil seie at ein er så nære som det går an å vera, utan å detta ned. Dette blir ofte brukt om høgder, for eksempel å vera på randa av eit stup. Då er ein så langt ute som det går an å vera på stupet utan at ein dett ned. Å vera på randa av massesvolt er ein biletleg bruk av ordet i overført forstand. Uansett, India var nære massesvolt i 1961 ettersom dei ikkje klarde å produsera nok mat. Paul Ehrlich skreiv i 1968 at India «ikkje på nokon måte kunne klare å mata 200 millionar meir innan 1980.» Han spådde at millionar av menneskje kom til å døy. I 1968 var folketalet i India 530 millionar. I dag er det over dobbelt så mykje. Faktisk heile 1,35 milliardar menneskje! Dette er ein auking på 800millionar, altså langt meir enn Ehrlichs 200millionar. Og ein har ikkje fått ei svoltkrise som Ehrlich spådde. Grunnen til det var den grøne revolusjonen. Borlaug blei nemleg invitert over til India i 1961 for å prøva å kopiera suksessen sin i Mexico i India, for slik å betra matproduksjonen i landet.

Det fyrste prosjektet var å prøva å planta den nye kornversjonen frå Mexico i Punjab, ein region i India. Etter kvart prøvde ein også å planta IR8 ristypen frå Filippinene. Dette var ein stor suksess. IR8 kunne produsera 10tonn ris per hektar med jord, altså per 10 000 kvadratmeter eller per 10mål. Mål er ein eining som ofte blir brukt på norsk om større områder. Det er altså 10 mål i eit hektar. Så, under optimale forhold og bruk av sprøytemidlar mot insekt og rett bruk av gjødsling kunne IR8 risen produsera 10tonn med ris per hektar med jord. Dette var heile ti gonger meir enn tradisjonell ris kunne kome opp i. 10 gonger meir! Denne enorme suksessen gjorde at IR8 risen spreidde seg raskt til andre asiatiske land i tillegg. Faktisk var ristypen så god at den blei kalla for «mirakelrisen». India gjekk frå å vera nære svoltgrensa, til å bli ein av dei største eksportørane av ris i verda i 1990. Den nye ristypen har også gjort at prisen på ris har gått ned – det har blitt mykje billigare å kjøpa ris. På 1970-talet kosta ris omkring $550 for eit tonn. I 2001 var prisen på $200 dollar.

Folketalet i verda har auka mykje sidan 1960. I 1960 var folketalet i verda totalt tre milliardar. I 2011 var det sju milliardar. På 50år meir enn dobla folketalet seg. Det er heilt enormt! Likevel har ein ikkje hadde dei store svoltkatastrofane som blei spådd av dei mest pessimistiske ekspertane. Svaret på kvifor er definitivt den grøne revolusjonen. Malthus spådde at auka matproduksjon kom til å føra til auka folketal og ikkje auka velstand på lenger sikt. Det ser ut som Malthus hadde rett når det kom til folketalet, men ikkje velstanden. Den gjennomsnittlege personen i utviklingsland, altså den fattigare delen av verda, et i dag 25% meir kaloriar kvar dag enn før den grøne revolusjonen. I tillegg førde auka matproduksjon også til at ein kunne ta seg råd til å eta meir variert. Eit sunt kosthold er avhengig av variasjon for å få alle vitaminene og all næringa ein treng.

Det har blitt sagt at ein av dei mest sentrale personene i den grøne revolusjonen, Norman Borlaug, redda så mange som ein milliard personar ved si forsking. Ein kan nok diskutera om det er rett å gje berre éin mann æra for denne grøne revolusjonen. Det er viktig å hugsa på at det var svært mange personar inkludert i forskinga i tillegg til nasjonalstatar og store fond. Likevel var Borlaug utvilsamt ein nykkelperson i den grøne revolusjonen. I 1970 fekk han Nobels Fredspris for sitt arbeid med å betra matsikkerheita i verda, noko som førar til ei fredelegare verd.

Likevel har det også vore problem med den grøne revolusjonen. Sjølv om den førde til eit meir variert kosthold for store delar av verdas befolkning, førde den faktisk også til ei forverring nokre stader. Forverring i tydinga mindre variert. I nokre stader på Filippinene førde intensiveringa av risproduksjon at ein mista mykje av fisken og grønsakene. Likevel visar forsking frå India frå 1975 til 1995 at folk frå alle klassar har fått eit betre kosthold.

Den grøne revolusjonen har også hatt innverknad på miljøet, båe på godt og vondt. Høgare avlingar gjorde at ein slapp å dyrka opp ny jord. Dette kan ha førd til mindre avskoging og fjerning av villmark som er viktig for å oppretthalda dyreliv. Likevel har også dei nye metodane i jordbruket ført til stor auke i vassbruk. Monokulturen, altså at ein berre plantar dei same typane plantar år etter år, har ført til utpining av jorda – altså at jorda har mista mykje av vitaminene og mineralene som gjer det mogleg å driva jordbruk det. Utpining av jorda førar til lågare avlingar over tid, og dette forklarar delvis kvifor auka i avlingane gjekk tregare frå midten av 1980-talet av. I tillegg har bruken av kjemikaliar i jordbruket auka mykje ved den grøne revolusjonen, for eksempel i gjødslinga eller i insektmiddelet. Desse kjemikalia kan lekke ut i områder utanfor jordbruket. Når dette skjer, kan det skada det naturlege dyre- og plantelivet.

Sjølv om det var negative sider ved den grøne revolusjonen, har den ført til meir godt enn vondt. Den har redde millionar, kanskje milliardar av liv, og ført til jamt meir rikdom i verda. Likevel var det ikkje alle stadar i verda som fekk glede av den grøne revolusjonen. Ettersom den grøne revolusjonen ikkje eigna seg til stadar med låg folketettleik og dårleg utbygd infrastruktur, som for eksempel vegar, kom ikkje den grøne revolusjonen til Afrika på same måte som i Asia og i Sør- og Mellom-Amerika. I tillegg var innovasjonane i den grøne revolusjonen ikkje eigna til Afrika. Matproduksjonsauka har difor gått mykje treigare i Afrika enn i resten av verda. Dette er ein av grunnane til at det er meir svolt og fattigdom i mange afrikanske land. Likevel byrjar situasjonen å betra seg i dag. I dei siste to tiåra har ein sett ei betring av jordbruksproduksjonen i Afrika også, noko som forhåpentlegvis kan gjera at fattigdommen minkar.

Takk for at du har høyrt på! Send meg gjerne ein tilbakemelding eller spørsmål på mail til «laernorsknaa@gmail.com». Dykk finn også linken i deskripsjonen. Takk for no! Eg håper å sjå dykk i neste episode. Ha det bra!


22 – Den grøne revolusjonen 22 – Die grüne Revolution 22 – The green revolution 22 – La revolución verde 22 – La révolution verte 22 – De groene revolutie 22 – A revolução verde 22 – Зеленая революция 22 – Yeşil devrim 22 – Зелена революція 22 – 绿色革命

Før me byrjar vil eg minna dykk på at de kan finna teksten til denne episoden på heimsida til denne podcasten. Before I start, I would like to remind you that they can find the text of this episode on the homepage of this podcast. Sjå i deskripsjonen  til episoden for å finna linken til nettstaden. See the description of the episode to find the link to the site.

God dag! I dag skal me snakka om noko som ligg nærme hjarta mitt. Today we are going to talk about something that is close to my heart. «Å ligga nærme hjarta mitt» betyr at det er viktig for meg – og dette er viktig for meg. "Being close to my heart" means that it is important to me - and this is important to me. For i dag skal me snakka om jordbruk, om bønder og om matproduksjon. For today we will talk about agriculture, about farmers and about food production. Eg bur i eit område i Noreg med svært mykje av jordbruket i landet. I live in an area in Norway with a lot of agriculture in the country. I min region er det veldig mange gardar og jorder. In my region there are very many farms and fields. Me lev av jorda. We live off the earth. Det lokale idrettsanlegget, staden der me spelar sport, heitar løå – det er love på mi dialekt. The local sports facility, the city where we play sports, is called løå - there are laws in my dialect. Ein av mine beste venar frå barneskulen var ein bondeson – eg hugsar at det var veldig kjekt å vera med han og leika på garden der. One of my best friends from primary school was a farmer's son - I think it was very nice to be with him and play on the farm there. Så temaet i dag er noko som verkeleg ligg hjarta mitt nært. So the topic today is something that is really close to my heart. I dag skal me snakka om den såkalla «grøne revolusjonen» på 1950-talet. Today we will talk about the so-called "green revolution" in the 1950s.

Den grøne revolusjonen er nok ikkje lika kjent som for eksempel den industrielle revolusjonen, men den var veldig viktig for utviklinga av den moderne verda som me kjenner i dag. The green revolution is probably not as well known as, for example, the industrial revolution, but it was very important for the development of the modern world as we know it today. Den grøne revolusjonen har også blitt kalla for den tredje jordbruksrevolusjonen – den fyrste var byrjinga av jordbruket for 100 00år sidan, den andre var utviklinga av jordbruket i Storbritannia på 1700- og 1800-talet som effektiviserte det. The Green Revolution has also been called the Third Agricultural Revolution - the first was the beginning of agriculture 10000 years ago, the second was the development of agriculture in Britain in the 18th and 19th centuries that made it more efficient. Den tredje jordbruksrevolusjonen, også kalla den grøne revolusjonen, er namnet på moderniseringa av jordbruket i den fattigare delen av verda på 1950- og 60-talet. The third agricultural revolution, also called the green revolution, is the name of the modernization of agriculture in the poorer part of the world in the 1950s and 60s. Til skilnad frå dei to førre jordbruksrevolusjonane, var ikkje denne avhengig av ny teknologi. Unlike the two previous agricultural revolutions, this one was not dependent on new technology. I staden handla det om å spreie moderne jordbruksmetodar frå den rikare til den fattigare delen av verda. Instead, it is about spreading modern farming methods from the richer to the poorer part of the world. Den grøne revolusjonen var enormt viktig i å hindra svoltkatastrofar i den fattige delen av verda ettersom folkeveksten i denne staden av verda skaut fart. The Green Revolution was hugely important in preventing famines in the poorer parts of the world as population growth in this city of the world accelerated.

Før me går djupare inn i den grøne revolusjonen, er det viktig at me blir kjende med ein brite kalla Malthus. Before we go deeper into the green revolution, it is important that we get to know a British man called Malthus. Brite vil seie ein person frå Storbritannia. Britain will say one person from Britain. Malthus var ein engelsk økonom som levde frå 1766 til 1834. Malthus was an English economist who lived from 1766 to 1834. Han levde altså akkurat i byrjinga av den industrielle revolusjonen i Storbritannia. He was thus living at the very beginning of the Industrial Revolution in Britain. Det mest kjende verket hans er utan tvil boka hans «An Essay on the Principle of Population» frå 1798. His most famous work is without a doubt his book "An Essay on the Principle of Population" from 1798. Boka var frykteleg pessimistisk om den økonomsike veksten til Storbritannia i perioden. The book was terribly pessimistic about the economic growth of Britain during the period. Han sa at ein auke i matproduksjonen kom til å forbetra levekåra, korleis folk levde, på kort sikt. He said that an increase in food production would improve living conditions, how people lived, in the short term. Likevel ville matauke, i følgje Malthus, føra til folkeauke. Nevertheless, according to Malthus, matauke would lead to folkeauke. Ettersom det blei fleire og fleire folk, ville levevilkåra bli dårlegare igjen. As there were more and more people, living conditions would get worse again. Dette blei kalla for Mathusfella. This was called Mathusfella. Malthus meinte også at folkeauka ville auka raskare enn auka i matproduksjonen. Malthus also believed that folkeauka would increase faster than increase in food production. Ettersom det blei fleire og fleire folk på mindre og mindre mat, ville ein til slutt få ei eller fleire kriser som sjukdom, krig og svolt som ville tvinga folketalet tilbake igjen. As there were more and more people on less and less food, one would eventually get one or more crises such as disease, war and famine that would force the population back again. Den engelske økonomen hadde altså ikkje eit veldig optimistisk syn på folkeauke. The English economist did not have a very optimistic view of the people.

Malthus si krise kom eigentleg aldri til England. Malthus' crisis never really came to England. Ettersom samfunnet blei industrialisert, auka matproduksjonen faktisk raskare enn folkeauka. As society became industrialized, food production actually increased faster than the population. Kanskje hadde den industrielle revolusjonen endra spelereglane? Maybe the Industrial Revolution had changed the rules of the game? Likevel var det mange som var redde for den store folkeauka då me i 1960 nådde tre milliardar folk på jorda. Nevertheless, there were many who were afraid of the great people's week when in 1960 we reached three billion people on earth. I 1927 hadde verdas befolkning vore to milliardar. By 1927, the world's population was two billion. Det tyder at på berre 33år hadde folketalet auka med ein milliard. This indicates that in just 33 years, the population had increased by one billion. Og det mest skremmande var at folkeauka var på sitt høgast i akkurat denne perioden. And the most frightening thing was that the folk week was at its peak during this very period. Raskast var veksten i den fattigaste delen av verda. The fastest growth was in the poorest part of the world. Mange var redde for at ein kom til å få ei Malthusisk krise ettersom dei fattigaste landa ikkje produserte nok mat til det aukande folketalet i landet. Many were afraid that a Malthusian crisis would ensue as the poorest countries did not produce enough food for the growing population in the country. Kva ville skje dersom folkeauka berre auka endå meir? What would happen if the population increased even more? Kor mange ville det leva på jorda om 50år? How many people would live on earth in 50 years? For mange verka det som om ein katastrofe var uunngåeleg. To many, it seemed as if a catastrophe was inevitable.

Paul R. Ehrlich, professor ved Stanford University, skreiv boka «The Population Bomb» i 1968 som spådde ei verdskrise på 1970- og 80-talet. Paul R. Ehrlich, a professor at Stanford University, wrote the book "The Population Bomb" in 1968, which predicted a world crisis in the 1970s and '80s. Han trudde at ein ville få svoltkatastrofar rundt omkring i verda på grunn av overbefolkning. He believed that one would get famine disasters around the world due to overpopulation. Boka fekk stor merksemd i si tid, og mange var redde for kva som kunne kome til å skje. The book received a great deal of attention at the time, and many were afraid of what might happen. Folketalet auka, det blei mindre og mindre mat – kva kunne ein gjera? The population increased, there was less and less food - what could one do? Krisa som Ehrlich spådde kom derimot aldri. The crisis that Ehrlich predicted, however, never came. Folketalet er i dag over 7 milliardar utan at me har fått ei svoltkrise i heile verda. The population today is over 7 billion without us having a famine crisis in the whole world. Mykje av svaret på kvifor er den grøne revolusjonen som skjedde omtrent på same tid som Ehrlich skreiv boka si. Much of the answer to why is the green revolution that happened at about the same time as Ehrlich wrote his book.

Mexico har blitt kalla fødestaden for den grøne revolusjonen, staden der den grøne revolusjonen byrja. Mexico has been called the birthplace of the Green Revolution, the city where the Green Revolution began. I 1943 bestemte den meksikanske finansministaren Camacho seg for å satsa på å betra jordbruket i landet. In 1943, the Mexican Minister of Finance Camacho decided to focus on improving agriculture in the country. Han fekk støtte frå USA, Dei sameinte nasjonar (UN på engelsk), og Rockefeller-stiftinga. He received support from the United States, the United Nations, and the Rockefeller Foundation. For USA var Mexico eit prøveprosjekt for å ta i bruk teknologi og vitskapleg kunnskap i å betra jordbruksproduksjonen i den fattigare delen av verda. For the United States, Mexico was a pilot project to use technology and scientific knowledge to improve agricultural production in the poorer part of the world. Ny teknologi blei brakt over til landet, meir moderne produksjonsmetodar blei tatt i bruk, og kanskje det viktigast, ein ny type mais blei dyrka. New technology was brought to the country, more modern production methods were used, and perhaps most importantly, a new type of maize was grown. Den nye typen mais var avla fram til å takla det meksikanske klimaet betre. The new type of corn was bred to cope better with the Mexican climate. Slik auka avlingane og Mexico blei sjølvforsynte på mat. This increased crops and Mexico became self-sufficient in food. Dei meksikanske myndigheitene skipa CIMMYT, ein organisasjon for internasjonal forsking på mais og kort for å utvikla maistypar og korntypar som var endå betre. The Mexican authorities appointed CIMMYT, an organization for international research on maize and maize to develop even better maize and cereal types.

Betre teknologi gjorde at jordbruket blei meir effektivt – ein trengte færre folk til å gjera det same arbeidet. Better technology made agriculture more efficient - fewer people were needed to do the same work. Slik kunne fleire folk gå inn i andre industriar, og slik få ein vekst i andre næringar i landet. In this way, more people could enter other industries, and thus grow in other industries in the country. Betre gjødsling og den nye maistypen gjorde at avlingane blei mykje større slik at ein kunne produsera meir mat utan å dyrka opp ny jord. Better fertilization and the new type of maize meant that the crops became much larger so that one could produce more food without cultivating new soil. Insektmiddel verna plantane mot insekt og skadedyr som hadde øydelagt store delar av avlinga. Insect repellent protects the plants against insects and pests that had destroyed large parts of the crop. Desse midla kunne derimot vera farlege for bøndene sjølv som måtte sprøyta det på avlingane. These funds, on the other hand, could be dangerous for the farmers themselves who had to spray it on the crops. I tillegg kunne det skada økosystema rundt gardane. In addition, it could damage the ecosystems around the farms. Den grøne revolusjonen var dermed ikkje berre positivt, men den førde til mykje større matproduksjon. The green revolution was thus not only positive, but it led to much greater food production. Mexico gjekk frå å importera mat – dei produserte ikkje nok før den grøne revolusjonen – til å eksportera korn på verdsmarknaden i 1963. Mexico went from importing food - they did not produce enough before the Green Revolution - to exporting grain to the world market in 1963.

No var det på tide å spreie den grøne revolusjonen vidare til andre land. Now was the time to spread the green revolution to other countries. I mange asiatiske land dyrkar ein først og fremst ris, ikkje korn eller mais. In many Asian countries, one grows primarily rice, not grain or corn. I Mexico hadde ein sett kor viktig det var å avla fram mais- og korntypar som var tilpassa eit meksikansk klima. In Mexico, it was seen how important it was to breed maize and grain types that were adapted to a Mexican climate. Dette ønska ein å spreie til Asia ved å forbetra ristypane. This was to be spread to Asia by improving rice types. Filippinene fekk i 1960 stønad av Ford-stiftinga og Rockefeller-stiftinga til å etablera IRRI, det internasjonale risforskingsinstituttet – ein organisasjon for å betra risen. I 1966 avla ein fram ristypen IR8 som produserte mykje meir enn tidlegare. In 1966, the rice type IR8 was produced, which produced much more than before. Avlingane auka enormt. Crops increase enormously. Filippinene gjekk frå å produsera 3,7 millionar tonn ris kvart år på 60-talet, til å produsera 7,7 millionar 20år seinare. The Philippines went from producing 3.7 million tons of rice every quarter of a year in the 1960s, to producing 7.7 million 20 years later. På 20år hadde altså produksjonen auka med over dobbelt så mykje. In 20 years, production had increased by more than twice as much. Dette var ein høgare auke enn folketalet som gjekk frå 25 millionar i 1960 til 48millionar i 1980. This was a higher increase than the population, which went from 25 million in 1960 to 48 million in 1980. Den nye ristypen gjorde at Filippinene blei ein eksportør av ris for første gong på 1900-talet. The new type of rice made the Philippines an exporter of rice for the first time in the 20th century. Det viste seg at Malthus hadde feil nok ein gong. It turned out that Malthus was wrong once again.

Ein av dei viktigaste personane i den grøne revolusjonen var den amerikanske agronomen Norman Borlaug. Han var svært viktig i utviklinga av ein ny korntype i Mexico som gjorde at kornproduksjonen auka. He was very important in the development of a new type of grain in Mexico which increased grain production. Dette gjorde han på 1940-talet, i byrjinga av den grøne revolusjonen. Hans suksessar i Mexico gjorde at India inviterte han over for å betra jordbruket der også. His success in Mexico led India to invite him over to cultivate agriculture there as well.

I 1961 sleit India med å produsera nok mat til den aukande befolkninga si. In 1961, India struggled to produce enough food for its growing population. Faktisk var dei på randa av massesvolt. In fact, they were on the brink of mass starvation. Å vera på randa av noko vil seie at ein er så nære som det går an å vera, utan å detta ned. Being on the verge of something means that one is as close as it is possible to be, without falling down. Dette blir ofte brukt om høgder, for eksempel å vera på randa av eit stup. This is often used for heights, such as being on the edge of a cliff. Då er ein så langt ute som det går an å vera på stupet utan at ein dett ned. Then you are as far out as it is possible to be on the cliff without going down. Å vera på randa av massesvolt er ein biletleg bruk av ordet i overført forstand. Being on the brink of mass starvation is a pictorial use of the word in a figurative sense. Uansett, India var nære massesvolt i 1961 ettersom dei ikkje klarde å produsera nok mat. Paul Ehrlich skreiv i 1968 at India «ikkje på nokon måte kunne klare å mata 200 millionar meir innan 1980.» Han spådde at millionar av menneskje kom til å døy. Paul Ehrlich wrote in 1968 that India "could in no way manage to feed 200 million more by 1980." He predicted that millions of people would die. I 1968 var folketalet i India 530 millionar. In 1968, the population of India was 530 million. I dag er det over dobbelt så mykje. Today it is more than twice as much. Faktisk heile 1,35 milliardar menneskje! In fact, as many as 1.35 billion people! Dette er ein auking på 800millionar, altså langt meir enn Ehrlichs 200millionar. This is an increase of 800millionar, ie far more than Ehrlich's 200millionar. Og ein har ikkje fått ei svoltkrise som Ehrlich spådde. And one has not had a famine crisis as Ehrlich predicted. Grunnen til det var den grøne revolusjonen. The reason for that was the green revolution. Borlaug blei nemleg invitert over til India i 1961 for å prøva å kopiera suksessen sin i Mexico i India, for slik å betra matproduksjonen i landet.

Det fyrste prosjektet var å prøva å planta den nye kornversjonen frå Mexico i Punjab, ein region i India. Etter kvart prøvde ein også å planta IR8 ristypen frå Filippinene. After a quarter of an hour, they also tried to plant the IR8 rice type from the Philippines. Dette var ein stor suksess. IR8 kunne produsera 10tonn ris per hektar med jord, altså per 10 000 kvadratmeter eller per 10mål. IR8 could produce 10 tonnes of rice per hectare of land, ie per 10,000 square meters or per 10 acres. Mål er ein eining som ofte blir brukt på norsk om større områder. Mål is a unit that is often used in Norwegian for larger areas. Det er altså 10 mål i eit hektar. That is 10 goals in one hectare. Så, under optimale forhold og bruk av sprøytemidlar mot insekt og rett bruk av gjødsling kunne IR8 risen produsera 10tonn med ris per hektar med jord. So, under optimal conditions and the use of insecticides and the correct use of fertilizer, IR8 rice could produce 10 tons of rice per hectare of soil. Dette var heile ti gonger meir enn tradisjonell ris kunne kome opp i. This was ten times more than traditional rice could come up with. 10 gonger meir! Denne enorme suksessen gjorde at IR8 risen spreidde seg raskt til andre asiatiske land i tillegg. Faktisk var ristypen så god at den blei kalla for «mirakelrisen». In fact, the type of rice was so good that it was called the "miracle rice". India gjekk frå å vera nære svoltgrensa, til å bli ein av dei største eksportørane av ris i verda i 1990. India went from being close to the starvation border, to becoming one of the largest exporters of rice in the world in 1990. Den nye ristypen har også gjort at prisen på ris har gått ned – det har blitt mykje billigare å kjøpa ris. The new type of rice has also meant that the price of rice has fallen - it has become much cheaper to buy rice. På 1970-talet kosta ris omkring $550 for eit tonn. I 2001 var prisen på $200 dollar.

Folketalet i verda har auka mykje sidan 1960. The world population has increased significantly since 1960. I 1960 var folketalet i verda totalt tre milliardar. I 2011 var det sju milliardar. På 50år meir enn dobla folketalet seg. In 50 years, the population has more than doubled. Det er heilt enormt! It's absolutely huge! Likevel har ein ikkje hadde dei store svoltkatastrofane som blei spådd av dei mest pessimistiske ekspertane. Nevertheless, one has not had the major famine disasters that were predicted by the most pessimistic experts. Svaret på kvifor er definitivt den grøne revolusjonen. The answer to why is definitely the green revolution. Malthus spådde at auka matproduksjon kom til å føra til auka folketal og ikkje auka velstand på lenger sikt. Malthus predicted that increased food production would lead to increased population and not increased prosperity in the long run. Det ser ut som Malthus hadde rett når det kom til folketalet, men ikkje velstanden. It seems that Malthus was right when it came to the population, but not prosperity. Den gjennomsnittlege personen i utviklingsland, altså den fattigare delen av verda, et i dag 25% meir kaloriar kvar dag enn før den grøne revolusjonen. The average person in developing countries, ie the poorer part of the world, today consumes 25% more calories per day than before the Green Revolution. I tillegg førde auka matproduksjon også til at ein kunne ta seg råd til å eta meir variert. In addition, increased food production also meant that one could afford to eat more varied. Eit sunt kosthold er avhengig av variasjon for å få alle vitaminene og all næringa ein treng. A healthy diet depends on variety to get all the vitamins and all the nutrients you need.

Det har blitt sagt at ein av dei mest sentrale personene i den grøne revolusjonen, Norman Borlaug, redda så mange som ein milliard personar ved si forsking. It has been said that one of the most central figures in the Green Revolution, Norman Borlaug, saved as many as one billion people through research. Ein kan nok diskutera om det er rett å gje berre éin mann æra for denne grøne revolusjonen. One can probably discuss whether it is right to give only one man an era for this green revolution. Det er viktig å hugsa på at det var svært mange personar inkludert i forskinga i tillegg til nasjonalstatar og store fond. It is important to keep in mind that there were very many people included in the research in addition to nation states and large funds. Likevel var Borlaug utvilsamt ein nykkelperson i den grøne revolusjonen. Nevertheless, Borlaug was undoubtedly a key figure in the Green Revolution. I 1970 fekk han Nobels Fredspris for sitt arbeid med å betra matsikkerheita i verda, noko som førar til ei fredelegare verd. In 1970, he received the Nobel Peace Prize for his work to improve food security in the world, something that leads to a more peaceful value.

Likevel har det også vore problem med den grøne revolusjonen. Yet it also has our problem with the green revolution. Sjølv om den førde til eit meir variert kosthold for store delar av verdas befolkning, førde den faktisk også til ei forverring nokre stader. Although it led to a more varied diet for large parts of the world's population, it actually also led to a deterioration in some places. Forverring i tydinga mindre variert. Deterioration in meaning less varied. I nokre stader på Filippinene førde intensiveringa av risproduksjon at ein mista mykje av fisken og grønsakene. In some places in the Philippines, the intensification of rice production led to the loss of much of the fish and vegetables. Likevel visar forsking frå India frå 1975 til 1995 at folk frå alle klassar har fått eit betre kosthold. Nevertheless, research from India from 1975 to 1995 shows that people from all classes have been given a better diet.

Den grøne revolusjonen har også hatt innverknad på miljøet, båe på godt og vondt. The green revolution has also had an impact on the environment, for better or worse. Høgare avlingar gjorde at ein slapp å dyrka opp ny jord. Higher yields meant that one did not have to cultivate new land. Dette kan ha førd til mindre avskoging og fjerning av villmark som er viktig for å oppretthalda dyreliv. This may have led to less deforestation and removal of wilderness which is important for maintaining wildlife. Likevel har også dei nye metodane i jordbruket ført til stor auke i vassbruk. Monokulturen, altså at ein berre plantar dei same typane plantar år etter år, har ført til utpining av jorda – altså at jorda har mista mykje av vitaminene og mineralene som gjer det mogleg å driva jordbruk det. The monoculture, ie that one only plants the same types of plants year after year, has led to the depletion of the soil - that is, the soil has lost much of the vitamins and minerals that make it possible to farm it. Utpining av jorda førar til lågare avlingar over tid, og dette forklarar delvis kvifor auka i avlingane gjekk tregare frå midten av 1980-talet av. Depletion of the soil leads to lower yields over time, and this partly explains why the increase in yields slowed down from the mid-1980s onwards. I tillegg har bruken av kjemikaliar i jordbruket auka mykje ved den grøne revolusjonen, for eksempel i gjødslinga eller i insektmiddelet. Desse kjemikalia kan lekke ut i områder utanfor jordbruket. These chemicals can leak into areas outside of agriculture. Når dette skjer, kan det skada det naturlege dyre- og plantelivet.

Sjølv om det var negative sider ved den grøne revolusjonen, har den ført til meir godt enn vondt. Although there were negative aspects to the Green Revolution, it has led to more good than bad. Den har redde millionar, kanskje milliardar av liv, og ført til jamt meir rikdom i verda. It has saved millions, perhaps billions of lives, and led to even more wealth in the world. Likevel var det ikkje alle stadar i verda som fekk glede av den grøne revolusjonen. Yet not all cities in the world benefited from the Green Revolution. Ettersom den grøne revolusjonen ikkje eigna seg til stadar med låg folketettleik og dårleg utbygd infrastruktur, som for eksempel vegar, kom ikkje den grøne revolusjonen til Afrika på same måte som i Asia og i Sør- og Mellom-Amerika. As the Green Revolution did not apply to cities with low population density and poorly developed infrastructure, such as roads, the Green Revolution did not come to Africa in the same way as in Asia and South and Central America. I tillegg var innovasjonane i den grøne revolusjonen ikkje eigna til Afrika. In addition, the innovations of the Green Revolution were not attributable to Africa. Matproduksjonsauka har difor gått mykje treigare i Afrika enn i resten av verda. The food production week has therefore been much slower in Africa than in the rest of the world. Dette er ein av grunnane til at det er meir svolt og fattigdom i mange afrikanske land. Likevel byrjar situasjonen å betra seg i dag. Nevertheless, the situation is beginning to improve today. I dei siste to tiåra har ein sett ei betring av jordbruksproduksjonen i Afrika også, noko som forhåpentlegvis kan gjera at fattigdommen minkar. In the last two decades, there has been an improvement in agricultural production in Africa as well, something that can hopefully reduce poverty.

Takk for at du har høyrt på! Thank you for listening! Send meg gjerne ein tilbakemelding eller spørsmål på mail til «laernorsknaa@gmail.com». Feel free to send me a feedback or question by email to «laernorsknaa@gmail.com». Dykk finn også linken i deskripsjonen. Dive also find the link in the description. Takk for no! Thanks for now! Eg håper å sjå dykk i neste episode. I hope to see dives in the next episode. Ha det bra!