×

LingQ'yu daha iyi hale getirmek için çerezleri kullanıyoruz. Siteyi ziyaret ederek, bunu kabul edersiniz: çerez politikası.

Norsk for Beginners, 1.10 – Season Finale and a Quick Look … – Text to read

Norsk for Beginners, 1.10 – Season Finale and a Quick Look at Season Two

Başlangıç 2 Norveççe lesson to practice reading

Bu dersi şimdi öğrenmeye başlayın

1.10 – Season Finale and a Quick Look at Season Two

Heihei! Lat oss byrja!

Nokre refleksjonar om sesong 1 og plan for sesong 2 I første sesong har me snakka om ulike aspekt av det norske språket. Me har snakka om at norsk er eit indo-europeisk språk i den germanske greina som er i slekt med blant anna tysk, svensk, dansk, nederlandsk og engelsk. I episode to snakka me om historia til det norske språket og at norsk kjem frå norrønt. Deretter handla episode tre om dialektar i Noreg. Me har mange dialektar.

Norsk er merkeleg fordi det kan skrivast på to forskjellige måtar. Me har snakka litt om bokmål og nynorsk, kva som er skilnaden på dei, kva nordmenn bruker mest og kva de bør læra.

Eg har også gitt dykk nokre tips for kva materiale de kan bruka til å læra norsk, som for eksempel lærebøker og appar. Men kvifor læra norsk? Det var temaet i episode sju. Episode åtte handla om norsk barne- og ungdombøker. Siste episode handla om skilnadane mellom norsk, svensk og dansk.

Med sesong ein har eg prøvd å gje dykk eit lite innblikk i det norske språket. De held no på å lære dykk norsk. Då trur eg det er greitt at de kan litt om språket. I byrjinga av å læra eit språk er det mykje å setta seg inn i og mykje nytt å læra. Eg håpar at de kanskje har lært litt om det norske språket. Også håpar eg sjølvsagt at de har lært litt norsk. Gje meg gjerne tilbakemeldingar på formatet og på sesongen. Har det vert greie tema? Er formatet greitt med ein norsk del, ein engelsk del og litt ord til slutt?

Til slutt vil eg berre seie at sesong 2 kjem til å handla om norrøn mytologi. Då skal me sjå på dei norrøne gudane som for eksempel Odin, Tor, Frøya og Loke. Me kjem til å sjå på nokre av mytane og forteljingane som forteljinga om ragnarok, verdas undergang, og skapinga. Forhåpentlegvis kan me også lesa nokre utdrag frå dei. Utdrag tyder smådelar frå ein tekst. Eg gler meg til det og håper at du vil fortsetta å lytta til podkasten.

Me – We

Grein – Branch

Blant anna – Among others

Kjem frå – Comes from

Å handle om – To be about

Merkeleg – Weird

Kva – What

Skilnad – Difference

Dei – They

De – You (nominative, plural)

Dykk – You (accusative and dative, meaning for direct and indirect objects. Also plural).

Eg – I

Nokre – some

Kvifor – Why

Held no på å… – Are in the process of

Greitt – Smart/good

Byrjing – Beginning

Mykje – A lot

Å setta seg inn i – To familiarize oneself with

Sjølvsagt – Of course

Å gje – To give

Gjerne – Happily/gladly

Tilbakemelding – Feedback

Forteljing – Story

Verdas undergang – The end of the world

Skapinga – The creation

Forhåpentlegvis – Hopefully

Utdrag – Excerpt

Gler meg til – I look forward to

Lytta – Listen

Learn languages from TV shows, movies, news, articles and more! Try LingQ for FREE